Kapittel 14. Verktøy

Innhald

1. Verktøykassa
1.1. Innleiing
1.2. Verktøysymbola
1.3. Farge- og indikatorområdet
1.4. Verktøyinnstillingar
2. Utvalsverktøya
2.1. Felles eigenskapar
2.2. Rektangelutvalet
2.3. Ellipseutvalet
2.4. Frihandsutvalet (Lassoverktøyet)
2.5. Tryllestaven
2.6. Vel etter farge
2.7. Intelligent saks
2.8. Forgrunnsutval
3. Teikneverktøya
3.1. Felles eigenskapar
3.2. Penseldynamikk
3.3. Teikneverktøya (blyanten, målarpenselen og luftpenselen)
3.4. Fyllverktøyet
3.5. Fargeovergang
3.6. Blyant
3.7. Målarpensel
3.8. MyPaint Brush
3.9. Viskeleret
3.10. Luftpensel
3.11. Pennen (blekkverktøyet)
3.12. Kloning
3.13. Helbred
3.14. Perspektivkloning
3.15. Slør eller skjerp
3.16. Gni ut
3.17. Avskygging/Etterbelysning
4. Transformeringsverktøya
4.1. Felles eigenskapar
4.2. Innrettingsverktøyet
4.3. Flytteverktøyet
4.4. Beskjering
4.5. Rotér
4.6. Skalering
4.7. Forskyvingsverktøyet
4.8. Perspektiv
4.9. Sameint transformering
4.10. Handle Transform
4.11. Spegelvending
4.12. Bur-transformering
4.13. Forvrenging
5. Andre verktøy
5.1. Oversyn
5.2. Banar
5.3. Fargeplukkaren
5.4. Lupe
5.5. Målingar
5.6. Tekst
5.7. GEGL-operasjon

1. Verktøykassa

1.1. Innleiing

GIMP har ei omfangsrik verktøykasse som gjer det lett å skifte mellom dei ulike verktøya, anten det nå er å gjere utval eller å teikne banar. Alle verktøya brukte i GIMP er forklarte i dette kapitlet.

(Berre sånn i tilfelle du skulle vere nysgjerrig: I GIMP-sjargongen, og i andre program for bilethandtering, er «verktøy» ein måte å handtera eit bilete på som krev tilgang til biletvisinga utover det å flytte peikaren rundt om på biletflata, eller på ein interaktiv måte kan visa resultata av endringane du har gjort med biletet. Dersom du i staden tenker på verktøy som meir av typen sag, og på biletet som eit trestykke, vil du likevel ikkje vere så ute av leia.)

[Notat] Notat

Du finn eit oversyn over verktøykassa og komponentane der i Hovudvindauge: Verktøykassa.

GIMP has a diverse assortment of tools that let you perform a large variety of tasks. The tools can be thought of as falling into four categories:

  • Utvalsverktøya som blir brukte for å markere kva område av biletet det kan arbeidast på.

  • Teikneverktøya som blir brukte for å endre fargane i biletet.

  • Transformeringsverktøya blir brukte for å endre geometrien for biletet.

  • Other tools, which don't fall into the other three categories.

1.2. Verktøysymbola

Figur 14.1. Verktøysymbola i verktøykassa

Verktøysymbola i verktøykassa

Dei fleste verktøya kan du aktivera ved å klikka på eit symbol inne i verktøykassa. I normaloppsettet kan fargeverktøya (og nokre få andre verktøy) berre nåast frå menyane. Då anten frå Fargar eller frå VerktøyFargar. Alle verktøya er også tilgjengelege anten frå menyen Verktøy eller ved hjelp av ulike tastekombinasjonar (snartastar).

I normaloppsettet, dvs. slik det ser ut når du opnar GIMP første gongen, vil ikkje alle verktøya vere i verktøykassa. Mellom anna er fargeverktøya tatt bort. Dersom du ønskjer å legge til eller fjerna verktøy, kan du gjere dette ved å bruke menyen RedigerBrukarinnstillingarVerktøykassa. Det kan vere to hovudgrunnar til at du vil forandre innhaldet i verktøykassa: 1. Eit verktøy som du (nesten) aldri bruker kan like godt fjernast for å gjere verktøykassa meire oversiktleg. 2. Dersom du bruker t.d. fargeverktøya svært mykje, kan det hjelpe arbeidet å ha desse i verktøykassa. Uansett kva du gjer, så vil du alltid finne verktøya ved å gå inn på Verktøy i biletmenyen.

Når musemarkøren er over eit bilete, vil utsjånaden på markøren forandre seg ettet kva verktøy som er i bruk. Kva utsjånad dei ulike verktøymarkørane får blir bestemt i innstillingane i Brukarinnstillingar+BiletvindaugeMusepeikarPeikarmodusVerktøyikon).

1.3. Farge- og indikatorområdet

Figur 14.2. Farge- og indikatorområdet i verktøykassa

Farge- og indikatorområdet i verktøykassa

1.3.1. Fargeområdet

Figur 14.3. Dei gjeldande fargane i verktøykassa

Dei gjeldande fargane i verktøykassa

Fargeområdet

Her kan du sjå kva fargar som er i bruk, både forgrunns- og bakgrunnsfarge. Det er desse fargane GIMP bruker for å teikne, fylle eller kva du nå vel å gjere. Klikkar du på ein av fargane, kjem det fram eit fargekart som du kan velje farge frå.

Standardfargar

Klikkar du på dei to firkantane nedst til venstre, vil forgrunnsfargen bli sett til kvit og bakgrunnsfargen til svart. Du kan trykke tasten D for å oppnå det same.

Bytt FG/BG-fargar

Klikkar du på den bøygde streken med pilspissar i kvar ende, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane bytte plass.

[Tips] Tips

Du kan klikke og dra ein av desse fargane direkte inn i eit lag og fylle heile laget med fargen.

1.3.2. Verktøyindikatorområdet

Figur 14.4. Gjeldande penslar, mønsterelement og fargeovergangar i verktøykassa

Gjeldande penslar, mønsterelement og fargeovergangar i verktøykassa

Her kan du sjå kva pensel, mønsterelement og fargeovergang som er i bruk. Klikk på kvar av dei for å få opp eit dialogvindauge der du kan gjere endringar i innstillingane.

1.3.3. Aktivt biletområde

Figur 14.5. Set aktive biletet i verktøykassa

Set aktive biletet i verktøykassa

Her blir det vist ein miniatyr av det biletet som for tida er aktivert dersom det er merka av for «vis aktivt bilete» i FilBrukarinnstillingarVerktøykassa. Klikk på dette biletet for å opne «biletdialogen» som viser kva for bilete som er tilgjengelege. Dette kan vere nyttig dersom du har mange bilet på skjermen. Du kan også klikke og dra miniatyren til ein tilgjengeleg XDS-filhandterar[9] for å lagre biletet.

1.4. Verktøyinnstillingar

Figur 14.6. Dialogvindauget for verktøyinnstillingane

Dialogvindauget for verktøyinnstillingane

Innstillingane for luftpenselen


Alle verktøya i GIMP har eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del innstillingar for verktøyet. Dersom du ikkje har forandra normalinnstillingane for GIMP, vil dette innstillingsvindauget dukke opp når du klikkar på eit verktøysymbol. Har du fjerna dette dialogvindauget, bør du sterkt vurdera å setje det opp igjen. Det er vanskeleg å utnytta eit verktøy fullt ut utan å kunne tilpassa innstillingane.

[Tips] Tips

Dialogvindauget for verktøyinnstillingane ligg normalt like under verktøykassa. Dersom du fjernar dette dialogvindauget på ein eller annan måte, kan du få det tilbake ved å opprette det på nytt via menyen VindaugeDialogarVerktøyinnstillingar og lime det inn på plassen under verktøykassa. (Du finn meir om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”).

Kvart verktøy har sine eigne innstillingar som varer heilt til du endrar dei, uavhengig om du skifter til nytt bilete eller om du avsluttar GIMP og startar på nytt igjen. Dette kan av og til verke litt frustrerande, særleg dersom verktøyet oppfører seg merkeleg, og du har gløymt at du gjorde nokre uvanlege innstillingar nettopp på dette verktøyet for to veker sidan.

Nedst i vindauget for verktøyinnstillingane finn du fire knappar:

Lagra innstillingane som

Med denne knappen kan du lagra innstillingane for verktøyet slik at du kan henta dei fram seinare. Knappen opnar Del 5.1, “Dialogvindauget for verktøyforvala” slik at du kan gi forvalet eit namn. Når du gjenoppretter innstillingane, vil berre dei forvala som er lagra for det aktive verktøyet bli viste. Difor treng du ikkje ta med verktøynamnet når du gir innstillingane eit namn.

Gjenopprett innstillingane

Med denne knappen kan du henta fram igjen dei tidlegare lagra innstillingane for det aktive verktøyet. Dersom det ikkje er lagra nokre innstillingar, vil denne knappen vere inaktiv. Dersom det derimot finst tidlegare lagra innstillingar, vil det dukka opp ei liste som du kan velje i.

Slett innstillingar

Med denne knappen kan du slette tidlegare lagra innstillingar. Dersom det ikkje er lagra nokre innstillingar, vil denne knappen vere inaktiv. Dersom det derimot finst tidlegare lagra innstillingar, vil det dukka opp ei liste som du kan velje i.

Tilbakestill innstillingane

Med denne knappen kan du setje innstillingane for det aktive verktøyet tilbake til utgangspunktet, slik dei var då du lasta inn GIMP.

Nye glidebrytarar

Glidebrytarane for ulike innstillingar er endra frå og med versjon 2.8. Brytarane er nå delte i eit øvre og eit nedre område. Denne delinga er ikkje synleg, men er der altså.

Figur 14.7. Den nye glidebrytaren for verktøyinnstillingane

Den nye glidebrytaren for verktøyinnstillingane

Peikaren i den øvre delen av glidebrytaren er ei dobbeltpil som peikar oppover

Den nye glidebrytaren for verktøyinnstillingane

Peikaren i det nedre området er to piler som peikar i kvar sin retning


  • I det øvre glidarområdet: Når ein klikkar medan oppoverpila er synleg, vil glidebrytaren bli sett til ein verdi ut frå posisjonen til pila. Dette er nyttig når ein ønskjer å gjere store sprang i innstillinga.

  • I det nedre glidarområdet: Klikk og dra pilene for å finjustere glidebrytaren i små steg. Klikking åleine har ingen effekt.

Du kan altså grovjustere innstillinga på den øvre delen og deretter finjustere på den nedre delen av brytaren.

Du kan også skrive inn den nye verdien direkte i verdiområdet i glidebrytaren.

I nokre tilfelle kan du faktisk dra den øvre peikaren utanom verktøydialogen. Såleis kan du dra glidebrytaren for storleik, som har ein maksverdi på 10.000, tvers over heile skjermen.

Mouse Scroll-Wheel actions

When using tools, you can use the mouse scroll-wheel, in combination with various modifiers, to do useful things with the tool options of the selected tool:

  • Alt + Mouse-wheel:  increase/decrease opacity

  • Shift + Primary + Mouse-wheel:  increase/decrease aspect ratio

  • Shift + Alt + Mouse-wheel:  increase/decrease angle

  • Primary + Alt + Mouse-wheel:  increase/decrease size

  • Shift + Primary + Alt + Mouse-wheel:  increase/decrease spacing

Note: the Primary modifier is usually Ctrl or Cmd, depending on your platform.



[9] Sjå også [XDS].