4.9. Sameint transformering

Figur 14.142. Verktøyet «sameint transformering»

Verktøyet «sameint transformering»

Dette verktøyet inneheld fleire verktøy: roter, skaler, beskjer og perspektiv. Du kan bruka eitt av dei åleine eller fleire av desse samstundes. Ved å kombinera to eller fleire verktøy, har du nær uendeleg mange moglege transformasjonar.

Som dei andre transformeringsverktøya, arbeider også dette (som standard) på det aktive laget.

Når du har merkt verktøyet «sameint transformering», trykk på biletvindauget. Det kjem då fram fleire element i biletvindauget:

4.9.1. Aktivering

Du kan aktivera verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaSameint transformering,

  • Ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen Shift + L.

4.9.2. Innstillingar

Figur 14.143. Innstillingar for «sameint transformering»

Innstillingar for «sameint transformering»

Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøysymbolet.

Delte innstillingar
[Notat] Notat

Sjå Del 4.1, “Felles eigenskapar” for omtale av dei verktøyinnstillingane som er felles for alle transformeringsverktøya.

Avgrensingar

Flytt: når dette valet ikkje er merkt, kan laget flyttast jamt dit du ønskjer. Er valet merkt, vert flyttinga avgrensa til 45° frå sentrum.

Scale: kryss av her for å behalda sideforholdet.

Roter: standardrotasjon er mjuk, det vil seia at du kan rotera kvar som helst. Er denne avmerkt, skjer roteringa i steg på 15°.

Forskyv: normalt kan du forskyva laget ved å dra ei av rombene kvar som helst i biletet. Er det merkt a for dette valet, kan du forskyve berre langs den kanten den valde romben er på.

Perspektiv: når dette valet ikkje er merkt, som er standard, kan du dra symbolet kvar du vil i biletet. Er det merkt av for dette valet, kan du berre dra langs lagkantane eller diagonalt.

Figur 14.144. Vala for avgrensa perspektiv

Vala for avgrensa perspektiv

Perspektiv ikkje avkryssa

Vala for avgrensa perspektiv

Perspektiv avkryssa


Frå omdreiingspunktet

Skaler:

Figur 14.145. Skalering frå omdreiingspunktet

Skalering frå omdreiingspunktet

Frå omdreiingspunktet ikkje avkryssa, tvunge avkryssa

Skalering frå omdreiingspunktet

Frå omdreiingspunktet og tvunge er avkryssa


Forskyv: når det er merkt for dette valet (standard), er den motsette kanten fast og omdreiingspunktet flyttar seg under forskyvinga. Når det er merkt av for dette valet, vert forskyvinga utført rundt eit fast omdreiingspunkt. Den motsette kanten vert flytt like mykje, men i motsett retning.

Perspektiv: når dette valet er avkryssa, vert også plasseringa av omdreiingspunktet påverka.

Figur 14.146. Perspektiv frå omdreiingspunktet

Perspektiv frå omdreiingspunktet

Frå omdreiingspunktet ikkje avkryssa, tvunge avkryssa

Perspektiv frå omdreiingspunktet

Frå omdreiingspunktet og tvunge er avkryssa


Omdreiingspunkt

Fest: Når det er kryssa av for dette valet, vert omdreiingspunktet fest til midten eller til hjørnene når det kjem nær nok.

Lås: låser omdreiingspunktet

4.9.3. Valtastane

Valtastane er aktive når ei handling (flytt, skaler, roter …) er vald.:

  • Shift for å byte rundt på merkjinga for alle vala i «Tvunge» når eit transformasjonshandtak er vald eller, viss omdreiingspunktet er merkt, festa omdreiingspunktet til midten eller til eit hjørne.

  • Ctrl to check all From pivot unchecked options and uncheck already checked ones.