4.4. Beskjering

Figur 14.124. Symbolet for «beskjering» i verktøykassa

Symbolet for «beskjering» i verktøykassa

Dette verktøyet vert først og fremst brukt for å beskjere biletet, dvs. å skjere vekk meir eller mindre av biletkantane for å framheva motivet eller gi betre balanse i biletet. Det kan også vere nyttig når du har behov for å ha biletet i eit bestemt format.

Tilliks med utvalsverktøya, blei også beskjeringsverktøyet forbetra i GIMP versjon 2.4. Handtaka i kvart hjørne av beskjeringsrektangelet vert nå berre brukt til å forandra storleiken på rektangelet, ikkje for å flytte det. Dette for å få verktøyet meir i samsvar med dei andre verktøya i GIMP. For å flytte beskjeringa, klikkar du nå ein stad inne i rektangelet og drar det til ønskt stad. Ved å klikke og dra i eit av handtaka, kan du utvida rektanelet i ei eller to retningar. Det er også tilsvarande handtak for kvar side i rektangelet. Det er råd å gjere alt som kjem utanfor beskjeringsrektangelet mørkare slik at det er lettare å sjå korleis utskjeringa vert. Når alt er slik du vil ha det, klikkar du på innsida av rektangelet, eller trykkjer Enter-tastene, for å utføre klippinga.

Når musepeikaren viser flyttemerket, kan du bruke piltastane for å flytte beskjeringsrektangelet ein piksel om gongen. Held du nede Shift-tasten vert kvart steg på 25 pikslar.

Du kan bruke hjelpelinjer for å plassere beskjeringsområdet. Sjekk eventuelt at valet VisFest til hjelpelinjene er aktivert.

[Notat] Notat

Sideforholdet vert vist i statuslinja:

4.4.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformeringsverktøyaBeskjerl,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + C.

4.4.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Når du klikkar inne i beskjeringsrektangelet og held nede museknappen vil handtaka forsvinne.

  • Trykk på Ctrl-tasten for å slå av og på Ekspander frå sentrum.

  • Trykker du nå ned på Shift-tasten vil du kunne slå av og på funksjonen Fast.

4.4.3. Verktøyinnstillingar

Figur 14.125. Innstillingane for verktøyet «Beskjering»

Innstillingane for verktøyet «Beskjering»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Berre dette laget

Gjer at klippinga verkar berre på det aktive laget.

Tillat forstørring

Dette valet gjer at beskjeringa eller endringa av storleiken også kan gjerast utanfor biletet eller laget og endatil på lerretet. Du kan såleis velje kva storleik du vil på biletet. Dersom det ikkje finst noko å beskjere, vert dette gjennomsiktig.

Figur 14.126. Eksempel på bruk av «Tillat forstørring»

Eksempel på bruk av «Tillat forstørring»

Eit bilete på eit stort lerret

Eksempel på bruk av «Tillat forstørring»

Valet er aktivert og du kan teikne beskjeringsrektangelet utanfor biletkanten.

Eksempel på bruk av «Tillat forstørring»

Sluttbiletet:


Ekspander frå sentrum

Denne funksjonen gjer at beskjeringsrektangelet vil utvida seg frå der du først klikka, med klikkpunktet som midtpunkt. Du kan slå denne funksjonen av og på med Ctrl-tasten medan du teiknar rektangelet.

Fast punkt

Gjer at beskjeringa held seg til eit fast forhold mellom breidde og høgde. Du kan skrive inn dette forholdet i dialogvindauget.

  • Sideforhold: Dette er det førehandsinnstilde valet. Forholdet mellom breidde og høgde vert det same som i originalbiletet.

  • Breidde / Høgde: Breidda eller høgda vert halde på den verdien som er sett i innskrivingsruta nedanfor. Førehandsvalet er sett til 100 pikslar.

  • Format: Breidda og høgda vert bestemt av tala i innskrivingsruta nedanfor. Formatet kan skrivast inn som to tal med ein bokstav mellom, eksempelvis som «150x100». Beskjeringsrektangelet vert sett til desse dimensjonane så snart du klikkar inne i biletet. Heilt til høgre finn du to knappar. Den første knappen gjer at formatet vert i ståande, dvs. i høgdeformat. Den andre at det vert liggande, dvs. i breiddeformat.

Posisjon

Desse to tekstrutene viser koordinata for det øvre, venstre hjørnet for beskjeringsrektangelet. Den venstre ruta viser horisontal og den høgre ruta vertikal posisjon. Du kan også skrive i boksane og såleis frandre posisjonen for rektangelet. Måleeininga er til vanleg pikslar, men du kan få fram ei liste over andre måleeiningar ved å klikke på knappen px. Koordinata har nullpunktet i det øvre, venstre hjørnet av lerretet, ikkje biletet.

Storleik

Den venstre ruta viser breidda og den høgre ruta høgda på beskjeringsrektangelet. Du kan også skrive i desse rutene. Måleeininga er til vanleg pikslar, men du kan få fram ei liste over andre måleeiningar ved å klikke på knappen px.

Utheving

Dersom denne er aktivert, vert området utanfor beskjeringsrektangelet gjort mørkare for å utheva rektangelet.

The dark area opacity can be set using the Highlight opacity cursor.

Hjelpelinjer

Alle typar hjelpelinjer er omtalte i Del 2.2, “Rektangelutvalet”

Autokrymp

Denne knappen vil prøve å finna ein kant i det aktive laget og leggja beskjeringsrektangelet mest mogleg inntil denne kanten. Denne funksjonen er nyttig berre dersom det finst område som skil seg tydeleg ut frå bakgrunnen.

Figur 14.127. Eksempel på bruk av «Autokrymp»

Eksempel på bruk av «Autokrymp»

Eit bilete med skarpe avgrensingar og eit beskjeringsrektangel.

Eksempel på bruk av «Autokrymp»

Eit trykk på autokrymp-knappen resulterer i at beskjeringsrektangelet er tilpassa dei skarpe avgrensingane.


Krymp fletta

Normalt vil autokrymp bruka data frå det aktive laget. Dersom «krymp fletta» er slått på vert det i staden brukt data frå alle synlege lag.