4.13. Forvrenging

Figur 14.158. Verktøyet «forvrenging»

Verktøyet «forvrenging»

Forvrenging (engelsk: warp) er eit GEGL-basert penselliknande verktøy som erstattar det gamle forvrengingsverktøyet og arbeider direkte på biletet slik at du kan sjå resultatet straks. Du kan bruka ein viske-modus for å fjerna forvrengingar du har laga. Det finst innstillingar slik at du kan endra styrken og storleiken på forvrenginga.

4.13.1. Aktivering

Du kan aktivera verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaForvrenging,

  • ved å trykkja på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykkja på tasten W.

4.13.2. Innstillingar

Figur 14.159. Innstillingane for forvrengings-verktøyet

Innstillingane for forvrengings-verktøyet

Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på symbolet for forvrenging i verktøykassa.

Interpolering
[Notat] Notat

Det vert brukt interpolering under forvrenginga. Sjå meir om dette i Interpolering

Flytt pikslar

«Flytt pikslar» er den første oppføringa i nedtrekkslista med ulike forvrengingsmetodar:

  • Flytt pikslar er standardmetoden.

    Figur 14.160. Eksempel på flytt pikslar

    Eksempel på flytt pikslar

  • Utviding

    Figur 14.161. Eksempel på utviding

    Eksempel på utviding

  • Krymp

    Figur 14.162. Eksempel på krymping

    Eksempel på krymping

    Her er det klikka fem gonger på biletet med penselstorleik = biletstorleik.


  • Kvervling med og mot klokka

    Figur 14.163. Eksempel på kvervling

    Eksempel på kvervling

    Kvervling av heile biletet med klokka (penselstorleik = biletstorleik.


Bruk av storleik, hardleik, styrke og mellomrom

  • Breidd: her set du storleiken på penselen.

  • Hardleik: lTODO (under arbeid)

  • Styrke: forskyvinga av pikslane ved bruk av verktøyet. Kor mykje pikslane kan forskyvast vert bestemt av penselstorleiken.

  • Mellomrom: TODO (under arbeid)

Abyss taktikk

Abyss is a term used by GIMP developers for data outside the input buffer. The warp tool moves pixels from one point to another. Some pixels may come from outside the layer boundary. These pixels don't actually exist anywhere, and therefore don't have any associated color; yet, some color must be assigned to them.

Abyss policy has a drop-down list that allows you to fill empty areas in different manners:

  • Ingen: Dette er standardinnstillinga. Tomme område vert gjennomsiktige. Biletet må ha alfakanal for å kunne bruka denne funksjonen.

  • Klem: Kvar kant på det omforma laget strekkjer seg uendeleg langt utover, så for eksempel ein piksel til venstre for laggrensa har den same fargen som pikselen lengst mot venstre i laget med det same y-koordinatet. Ein annan måte å sjå det på, er at kvar piksel utføre laggrensa har den same fargen som den næraste pikselen innføre laggrensa.

  • Løkke: Laget som vert forvrengt gjentar seg sjølv i alle retningar. Pikslar som for eksempel kjem utføre laget på høgre side vert sett inn på venstre side av laget.

  • Black, White>: these options are similar to "none", but use black and white for out-of-bounds pixels, instead of transparency.

Figur 14.164. Eksempel på vala i Abyss taktikk

Eksempel på vala i Abyss taktikk

Førehandsvising i høg kvalitet

«Førehandsvisinga» er det biletvindauget du arbeider på før du trykkjer Enter for å stadfesta transformasjonen. Er det kryssa av for denne, vert kvaliteten på visinga betre, men arbeider saktare.

Strok

TODO (under arbeid)

Animer

Med dette valet avkryssa kan du gjere opptak av forvrenginga på vegen frå det opphavlege biletet til den avsluttande deformeringa av biletet.

Rammer: Kor mange rammer som skal brukast i animasjonen.

Knappen Lag animasjon: Vert brukt for å laga animasjonen i eit eit nytt biletvindauge som dukkar opp.