2.6. Vel etter farge

Figur 14.28. Symbolet for «vel etter farge» i verktøykassa

Symbolet for «vel etter farge» i verktøykassa

Dette verktøyet vert brukt for å velje område på biletet etter fargelikskap. Verktøyet liknar på tryllestaven, men medan denne vel samanhengande område, plukkar vel etter farge pikslar med same farge over heile biletet, uavhengig av avstanden mellom dei. Å klikke og dra med musemarkøren på biletet har heller ingen verknad.

2.6.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaVel etter farge,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + O.

2.6.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

2.6.3. Å forandre utvalet

Figur 14.29. Vel etter farge

Vel etter farge

Verktøyet vert aktivert ved at du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Denne første pikselen du klikkar på, vert også referansepunktet for verktøyet. Du kan forandre terskelverdiane ved å klikke og dra på same måten som for tryllestaven.

Du kan flytte omrisset av utvalet med piltastane, ikkje med datamusa.

2.6.4. Innstillingar

Figur 14.30. Innstillingane for verktøyet «vel etter farge»

Innstillingane for verktøyet «vel etter farge»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

[Notat] Notat

Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.2, “Innstillingar”. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Vel gjennomsiktige område, Flett synlege og Teiknemaske

Alle desse innstillingane verkar på same måten som omtalt under tryllestaven. Sjå Del 2.5.4, “Innstillingar”.