5.3. Fargeplukkaren

Figur 14.168. Fargeplukkaren i verktøykassa (pipettesymbolet)

Fargeplukkaren i verktøykassa (pipettesymbolet)

Fargeplukkaren blir brukt til å henta farge frå alle bileta som er opne på skjermen. Klikk på det fargepunket du ønskjer å bruke for å gjere denne fargen til den aktive fargen i verktøykassa. Til vanleg vil fargeplukkaren hente farge frå det aktive biletlaget, med dersom valet Flett synlege er aktivert, vil fargen bli henta frå alle dei synlege laga. Dersom valet Bruk infovindauget er aktivert, vil det dukke opp eit vindauge med diverse informasjonar om fargen når du klikkar på biletet.

5.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeplukkar,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • med tastatursnarvegen O

  • eller ved å halde nede Ctrl-tasten medan du bruker eit av teikneverktøya. I dette tilfellet blir infovindauget ikkje opna. Når du slepp tasten, går verktøyet tilbake til den opphavlege tilstanden.

5.3.2. Key modifiers

Ctrl

Ctrl does nothing here. But, when using a paint tool, pressing Ctrl allows you to pick colors without having to switch to Color Picker tool.

Shift

If the Use info window option is not checked, pressing Shift key, opens the Color Picker Information window when you click on a pixel.

[Notat] Notat

Du kan få dei same fargeinformasjonane viste heile tida ved å bruke peikarvindauget. Ver merksam på at her er Flett synlege normalt aktivert.

5.3.3. Innstillingar

Figur 14.169. Innstillingane for «fargeplukkaren»

Innstillingane for «fargeplukkaren»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Flett synlege

Når denne er aktivert, vil pipetta plukke dei samansette fargane frå alle dei synlege laga, ikkje berre det aktive laget. Du kan sjå meir om dette i ordboka under utvalsfletting.

Gjennomsnitt

Glidebrytaren Radius blir brukt for å setje storleiken på området pipetta skal bruke for å bestemme gjennomsnittsfargen. Når du klikkar på området, vil markøren vise storleiken på firkanten som gjennomsnittet blir henta frå.

Pick Target (Ctrl)
Berre vis farge

Fargen til det valde fargepunktet blir vist i informasjonsvindauget, men ikkje brukt til noko elles.

Vel forgrunnsfarge

Sett forgrunnsfargen til fargen i det punktet du klikkar på. Fargen blir synleg som aktiv farge i verktøykassa.

Vel bakgrunnsfarge

Sett bakgrunnsfargen til fargen i det punktet du klikkar på. Fargen blir synleg som aktiv farge i verktøykassa.

Leg til i paletten

Når denne er vald, vil fargen som blir henta bli lagt til i den aktive fargepaletten. Samstundes blir paletthandteraren opna.

Bruk infovindauget

Når dette valet er aktivert, vil informasjonsvindauget automatisk bli opna når du klikkar i biletet. Held du nede Shift-tasten vil verknaden bli omvendt av det du har vald.

Figur 14.170. Infovindauget for fargeplukkaren

Infovindauget for fargeplukkaren