3.10. Luftpensel

Figur 14.86. Symbolet for luftpenselen i verktøykassa

Symbolet for luftpenselen i verktøykassa

Luftpenselen er den digitale varianten av ulike former for luftverktøy som vrt brukte for å leggja farge på biletet. Dette verktøy er spesielt hendig når du skal teikna med mjuke strekar.

3.10.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaLuftpensel,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen A (for «Air»).

3.10.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrla endrar luftpenselen til ein fargeplukkar.

Shift

Shift-tasten gjer at luftpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vert det teikna ei rett linje frå det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.

3.10.3. Innstillingar

Figur 14.87. Innstillingane for luftpenselen

Innstillingane for luftpenselen

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Mode; Opacity; Brush; Size; Aspect Ratio; Angle; Spacing; Hardness; Dynamics; Dynamics Options; Force; Apply Jitter; Smooth Stroke; Lock brush size to view

Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.

Motion only: if this option is checked, the airbrush paints only when it moves.

Grad

Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor stor dysa til luftpenselen skal vere, dvs. fargemengda penselen skal gi frå seg. Dess høgare tal, dess meir farge på kortare tid. (Burde heitt «dyse», men det er ikkje avsett plass til dette i kjeldeteksten).

Trykk

Med denne glidebrytaren kan du bestemme lufttrykket, dvs. kor mykje farge penselen skal gi frå seg i kvart strøk. Dess høgare tal, dess mørkare vert kvart strøk.