4. Transformeringsverktøya

Figur 14.111. Eit oversyn over transformeringsverktøya

Eit oversyn over transformeringsverktøya

4.1. Felles eigenskapar

Denne gruppa inneheld åtte verktøy som vert brukte til å forandra presentasjonen av biletet eller eit biletelement, eit biletlag, eit utval eller ein bane. Desse verktøya forandrar ikkje innhaldet i pikslane, men plasseringa av dei i høve til kvarandre eller i høve til biletet. Kvart av verktøya har sitt eige dialogvindauge der du kan bestemme ulike innstillingar for verktøyet før du tar det i bruk.

4.1.1. Verktøyinnstillingar

Ein del innstillingar er felles for fleire av transformasjonsverktøya, og vert omtalte her. Dei innstillingane som er spesielle for einskilde verktøy vert omtalte saman med verktøyet.

Transformer

GIMP har tre knappar som du kan bruke for å bestemme kva for biletelement verktøyet skal arbeide på. (Knappane kan også heite «Flytt» eller «Spegelvend»).

[Notat] Notat

Hugs at valet du gjer vert gjeldande heilt til du trykker ein annan knapp, også om du avslutter arbeidet.

  • Når den første knappen, , er aktivert, vil verktøyet arbeide på det aktive laget. Dersom laget inneheld eit utval, vil verktøyet verke på dette i staden for på laget.

  • Når den andre knappen, , er aktivert, vil verktøyet verke berre på omrisset av utvalet, eller på heile laget dersom det ikkje finst utval.

  • Når du aktiverer den tredje knappen, , vil verktøyet arbeide berre på banen.

Retning

Dette valet bestemmer kva retning laget vert transformert:

Framover (normal)betyr i denne samanhengen at biletet vert forandra til slik du ser det når du drar i handtaka som dukkar opp når du klikkar på biletet med eitt av desse verktøya. Dersom du bruker eit rutenett (sjå nedanfor) vert biletet eller laget transformert i høve til utsjånaden og posisjonen du har gitt gitteret.

«Bakover (korrigerande)» inverterer retningen. Vert mest brukt saman med roteringsverktøyet for å korrigera bilete som t.d. har ein horisont som ikkje er vassrett eller ein vegg som ikkje er loddrett. Sjå Del 4.5, “Rotér”.

With GIMP-2.10.10, you can link these two options in Rotate, Scale, Perspective, Unified transform and Handle transform tools. This allows moving handles without affecting the transformation, letting you manually readjust their position.

Interpolering

Ved hjelp av nedtrekkslista kan du velje metode og såleis kvaliteten på transformasjonen:

Ingen

Pikselfargen vert kopiert frå den næraste pikselen i originalbiletet. Dette resulterer ofte i hakkete kantar («trappetrinn») og eit grovt bilete. Metoden er den raskaste. Metoden, som også vert kalla «næraste nabo», er den raskaste.

Lineær

Pikselfargen vert rekna ut som eit gjennomsnitt av dei fire næraste pikslane i originalbiletet. Dette gir eit tilfredsstillande resultat i dei fleste tilfella og er eit godt kompromiss mellom fart og kvalitet. Metoden vert ogs kalla «bilineær».

Kubisk

Pikselfargen vert rekna ut som eit gjennomsnitt av dei åtte næraste fargane i originalbiletet. Denne metoden gir som oftast eit godt resultat, men kan ta litt tid. Metoden vert også kalla «bikubisk».

LoHalo, NoHalo

Halo is an artifact that can be created by interpolation. It remembers the halo you can get when using Del 4.8, “Sharpen (Unsharp Mask)”. Here is a note from Nicolas Robidoux, the creator of the new quality samplers for GEGL and GIMP:


                  "If haloing is not an issue with your content and use case, 
                  which of the two should you try first? 
                  (Clearly, if you want to minimize haloing, NoHalo is the 
                  ticket.)

                  If you are reducing an image, LoHalo is generally better.

                  If your transformation is not an all around reduction, for 
                  example if you enlarge, rotate or apply a perspective 
                  transformation that keeps portions of the image at the same or 
                  higher resolution, I generally prefer NoHalo. This preference, 
                  however, changes depending on the image content. If, for 
                  example, the image contains text or text-like objects or has 
                  significant areas with only a handful of different colours, 
                  like old school pixel art, I’d switch to LoHalo. Likewise if  
                  the image is quite noisy or marred by compression artifacts 
                  (as are most JPEGs found on the web). Conversely, if the 
                  image is noise free, very slightly blurry (meaning that when 
                  pixel peeking, the lines and interfaces are smeared over two 
                  or more pixels), and there are delicate skin tones to be    
                  preserved, I’d try NoHalo first. Actually, if I find that 
                  colours have not been preserved nicely after transforming an 
                  image with LoHalo, I’d immediately switch to NoHalo, even if  
                  reducing.

                  In any case, these recommendations should not be taken as 
                  gospel. I still have much to learn and figure out. For 
                  example, how best to deal with transparency and different 
                  colour spaces is something I’m likely to be thinking about 
                  for a while."
                

Du kan bestemme kva metode som skal vere førehandsinnstilt i brukarinnstillingane

Klipping

Dersom transformasjonen skulle føre til at biletformatet vert endra, kan du her velje korleis biletet skal tilpassast forandringane.

Du har valet mellom fleire ulike klippemetodar:

Tilpassa

Figur 14.112. Eksempel på tilpassa klipping

Eksempel på tilpassa klipping

Originalbiletet

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med «tilpassa»

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med «tilpassa» og lerretet forstørra til lagstorleiken


Laget vert forstørra slik at det vert plass til heile laget. Omrisset for det nye laget er synleg. Du kan gjere også innhaldet i laget synleg med kommandoen BileteTilpass lerret til lag.

Klipp

Figur 14.113. Eksempel på klipping

Eksempel på klipping

Klipp


Med klipping: Alt som kjem utføre biletkanten vert klipt vekk.

Beskjer til resultatet

Figur 14.114. Eksempel på beskjer til resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Roter 45° og beskjer resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Beskjeringsgrensene er markerte med raudt. Gjennomsiktige område vert ikkje tatt med.


Dersom denne er vald, vert biletet klipt slik at dei gjennomsiktige områda i hjørna ikkje vert med i det ferdige biletet.

Beskjer med sideforhold

Figur 14.115. Eksempel på beskjer til resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Originalbiletet

Eksempel på beskjer til resultatet

Rotasjon -22°

Eksempel på beskjer til resultatet

Det roterte biletet


Denne innstillinga verkar som Beskjer til resultatet, men syter for at sideforholda er dei same som i originalbiletet.

Show image preview

Dersom det er kryssa av for dette valet, som er det normale, vil det transformerte biletet vere synleg over originalbiletet. I tillegg kjem det også fram ein glidebrytar der du kan bestemme gjennomsikta for førehandsvisinga

Hjelpelinjer

Dette er ei nedtrekksliste der du kan velje mellom fleire ulike typar av hjelpelinjer. Alle hjelpelinjene har ei ramme som viser omrisset og i tillegg to eller fleire hjelpelinjer på sjælve førehandsvisinga.

Ingen hjelpelinjer

Som namnet seier, ingen hjelpelinjer i bruk.

Senterlinjer

Bruker ei vassret og ei loddrett linje som krysser kvarandre midt i biletet.

Tredeling

Deler transformeringsområdet i ni like deler ved å legge til to vassrette og to loddrette hjelpelinjer. I følgje denne regelen skal dei mest interessante delene av biletet plasserast i skjeringspunkta mellom linjene.

Femdeling

Det same som tredelinga, men nå delt i fem gange fem deler.

Gylne snitt

Dette er «det gyldne snittet» som er ei matematisk oppdeling av biletet. Biletet vert delt i ni delar med bestemte forhold mellom delane og området som skal transformerast.

Diaginale linjer

Deler området ved hjelp av diagonale linjer.

Talet på linjer

Legg eit rutenett over transformeringsområdet. Talet på ruter vert bestemt med glidebrytaren som dukkar opp.

Linjeavstand

Legg eit rutenett over transformeringsområdet. Avstanden mellom linjene vert bestemt med glidebrytaren som dukkar opp.

4.1.2. Transformere banar

Dersom du ønskjer å transformere banar, kan det gjerast med transformeringsverktøya.

Figur 14.116. Å rotere banar

Å rotere banar

Banedialogen

Å rotere banar

Valmodus: bane


Når banen er på plass i biletet klikkar du på det første feltet framføre banemerket i banedialogen for å få fram augesymbolet. Vel deretter det transformeringsverktøyet du vil bruke. Pass på at modus i øvre del av verktøyinnstillingane vert sett til å verke på banar.

Utfør transformasjonen og bekreft dette når du er ferdig. Det kan vere ein god ide å setje hjelpelinjene til «Ingen» for ikkje å verta forstyrra av desse.

Når transformasjonen er ferdig, vel baneverktøyet igjen og klikk på den endra banen for å kunne arbeide vidare på den.