3.9. Viskeleret

Figur 14.82. Symbolet for «viskeleret» i verktøykassa

Symbolet for «viskeleret» i verktøykassa

Viskeleret vert brukt for å fjerna farge frå det aktive laget, utvalet eller andre teikneområde. Dersom viskeleret vert brukt på noko som ikkje er gjennomsiktig, slik som ein kanal, ei lagmaske eller eit bakgrunnslag utan alfakanal, vil viskeleret bruke den bakgrunnsfargen som er vist i fargeområdet i verktøyvindauget. Elles vil viskeleret lage det området du viskar på heilt eller delvis gjennomsiktig, avhengig av verktøyinnstillingane. Korleis du kan leggja inn alfakanal i ein kanal eller eit lag er omtalt i Del 7.33, “Legg til alfakanal”.

Figur 14.83. Viskeler og alfakanal

Viskeler og alfakanal

Bakgrunnsfargen er kvit, biletet er utan alfakanal. Visking til bakgrunnsfarge (100 % dekkevne).

Viskeler og alfakanal

Biletet har alfakanal. Visking til gjennomsikt.


Dersom du har behov for å fjerna ei gruppe biletpunkt fullstendig, markerer du for «Hard kant» i avkryssingsboksen. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil viskeleret lage gradvise overgangar, sjølv om du har teikna med hardkanta teikneverktøy.

[Tips] Tips

Dersom du brukar teiknebrett, kan det vera fornuftig å stilla inn den eine enden av teiknenåla som viskelêr. Dette får du til ved å klikke enden av nåla inn i viskelêret i verktøykassa. Fordi kvar ende av nåla vert oppfatta som ulike verktøy, og såleis får tillagt eige teikneverktøy, vil denne innstillinga vare heilt til du vel eit anna verktøy for den bakre enden av nåla.

3.9.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaViskeler,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + E.

3.9.2. Valtastar

Sjå Del 3.1, “Felles eigenskapar” for omtale av dei valtastane som har same effekten på alle teikneverktøya.

Ctrl

Gjer viskeleret om til ein fargehentar. I motsetnad til dei andre verktøya, hentar viskelêret bakgrunnsfarge i staden for forgrunnsfarge. Når du viskar på område som ikkje er gjennomsiktige, vert originalfargen erstatta med bakgrunnsfargen. Dette er til vanleg det mest fornuftige.

Alt

Denne tasten set viskeleret i «visk inn»-modus. Dette finn du forklart nedanfor. Dersom Alt-tasten ikkje verkar på maskinen din, prøv Shift + Alt i staden.

3.9.3. Verktøyinnstillingar

Figur 14.84. Innstillingane for «viskeleret»

Innstillingane for «viskeleret»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Opacity; Brush; Size; Aspect Ratio; Angle; Spacing; Hardness; Dynamics; Dynamics Options; Force; Apply Jitter; Smooth Stroke; Lock brush size to view; Incremental
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Dekkevne

Dersom du for dette verktøyet erstattar ordet «dekkevne» med «viskestyrken», vil denne innstillinga kanskje vere lettare å forstå. Dess større dekkevne, dess kraftigare viskar viskelêret. Dersom du bruker viskeléret på eit lag med alfakanal, vil høgare dekkevne, eller altså viskestyrke, gi større gjennomsikt!

Hard kant

Dette valet forhindrar delvis utvisking av strøkkantane. Sjå nedanfor.

Visk inn

Det motsette av å viska ut må vel vere å viska inn. Viskeleret vil «av-viska» eit område på biletet dersom dette valet er markert. Du kan sjå på «visk inn» som ein variant av å «angra» utviskinga. Funksjonen kan berre brukast på lag med alfakanal. Du kan også aktivera denne funksjonen ved å halde nede Alt-tasten, eller Shift + Alt på nokre maskiner.

[Notat] Notat

For å forstå korleis «innvisking» er mogleg, bør du hugse på at utvisking berre påverkar alfakanalen, ikkje RGB-kanalen som inneheld biletdata. Så sjølv om resultatet av utviskinga er fullstendig gjennomsiktig, er RGB-dataane der, dei er berre usynlege. «Visk inn» aukar alfaverdien slik at dei underliggjande dataa vert synlege igjen.

[Tips] Tips

Du kan bruke viskelêret til å endre forma på eit flytande utval. Når du viskar ut, forandrar du også kantane på utvalet.