2.2. Rektangelutvalet

Figur 14.10. Symbolet for rektangelutvalet i verktøykassa

Symbolet for rektangelutvalet i verktøykassa

Rektangelutvalet vert brukt til å velje ut og markere rektangulære område i eit bilete. Dette er det enklaste, og det mest brukte av utvalsverktøya. Sjå Del 1, “Utval” for meir om utval og bruken av dei. Informasjon om eigenskapar som er felles for alle utvalsverktøya finn du i Del 2.1, “Felles eigenskapar”.

Dette verktøyet kan også verta brukt for å teikne rektangel i eit bilete. Lag eit rektangulært utval og fyll dette ved hjelp av fyllverktøyet. Skal du teikne eit ope rektangel, altså berre omrisset, kan dette gjerast raskt og enkelt ved å lage eit høveleg utval og deretter streke det opp med høveleg farge og strek.

2.2.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaRektangelutval,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykkja på tasten R.

2.2.2. Valtastar

[Notat] Notat

Mange av valtastane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.1, “Valtastane (normalinnstillinga)”. Berre tastekombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Ctrl

Trykker du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja å lage utvalet, og held han nede til du er ferdig, vert startpunktet brukt som sentrum i utvalet i staden for å verta eit av hjørna. Trykkjer du ned Ctrl-tasten før du byrjar markeringa, vert det nye utvalet subtrahert (trekt i frå) det eksisterande utvalet. Markøren vil sjå slik ut: .

Shift

Trykker du ned Shift-tasten før du byrjar markeringa av utvalet vert det nye utvalet lagt til det eksisterande utvalet. Markøren vil sjå slik ut: .

Trykker du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig, vert utvalet avgrensa til eit kvadrat dersom dette er det første utvalet. Seinare vil verktøyet bruke det sideforholdet som er fastsett i verktøyinnstillingane.

Ctrl+Shift

Trykker du ned begge tastane etter at du har byrja utveljinga vil dette gi ein kombinert effekt: Eit kvadratisk utval sentrert om startpunktet. Held du nede desse to tastane før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet lage eit snitt med den eksisterande. Dette vert også vist med at musemarkøren viser snitt-symbolet .

2.2.3. Å forandre utvalet

Figur 14.11. Eksempel på bruk av rektangelutvalet

Eksempel på bruk av rektangelutvalet

Når verktøyet er vald, vil musepeikaren vise symbolet når han kjem over biletet. Du kan nå dra ut og sleppe eit rektangel, eller eit kvadrat. Når du slepp opp museknappen, vert omrisset av utvalet vist med ei prikkelinje («marsjerande maur»). Du treng ikkje finjustere utvalet nå. Det kan du eventuelt gjere seinare om nødvendig.

Når du flytter musepeikaren rundt på biletet, vil peikaren forandre seg alt etter kvar han er i høve til utvalet:

- Utanfor utvalet ser musepeikaren ut slik som vist ovanfor. Dette fortel at verktøyet er klar for å lage eit nytt utval som anten vil erstatte det eksisterande utvalet, eller kombinere det nye utvalet med det eksisterande, avhengig av kva modus verktøyet er sett til.

- Innføre utvalet er utsjånaden på peikaren avhengig av kvar han er i utvalet. I kvart hjørne av utvalet er det ei tydeleg markert rute. Dette er handtak som du kan gripe tak i for å endre forma på utvalet. Er peikaren over eit av desse handtaka, er utsjånaden avhengig av samanhengen. I det nedre, høgre hjørnet vert han for eksempel sjåande slik ut: . Du kan altså forandra utsjånaden på utvalet ved å klikke og dra i desse handtaka. Fører du peikaren nær ei av sidene, vil det kome opp ei ny rute, dvs. eit nytt handtak, som du kan ta tak i og flytte heile sida. Også i dette tilfellet forandrar peikaren utsjånad avhengig av kva side han treff. Er han over den høgre sida, vil han sjå slik ut: . Du kan forstørre eller forminske utvalet ved å ta tak i desse punkta.

- Innføre resten av markeringa vil peikaren vise flyttesymbolet for å vise at nå kan du flytte heile utvalet ved å klikke og dra.

Når alt arbeidet med utvalet er ferdig, må du kome deg ut av verktøyet, utan å øydelegge utvalet. Den enklaste måten er å klikke ein gong inne i utvalet eller å trykkja Enter-tasten. Ein annan måte er å velje eit anna verktøy utanom utvalsverktøya og for eksempel fylle utvalet med ein farge.

[Tips] Tips

Du kan setje musepeikaren over eit av markeringsområda, og flytte dette med piltastane ein piksel om gongen, eller 25 pikslar om gongen viss du held nede Shift-tasten.

Figur 14.12. Peikarsymbola

Peikarsymbola

Biletet viser alle peikarsymbola og kvar dei vert brukte i rektangelutvalet.


Når alt arbeidet med utvalet er ferdig, må du kome deg ut av verktøyet, utan å øydelegge utvalet. Den enklaste måten er å klikke ein gong inne i utvalet eller å trykkjaEnter-tasten. Ein annan måte er å velje eit anna verktøy utanom utvalsverktøya og for eksempel fylle utvalet med ein farge.

2.2.4. Verktøyinnstillingar

Figur 14.13. Innstillingane for verktøyet «rektangelutval»

Innstillingane for verktøyet «rektangelutval»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

[Notat] Notat

Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.2, “Innstillingar”. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar

Felles innstillingar for utvalsverktøya

Avrunda hjørne

Aktiverer du denne, vil det kome fram ein glidebrytar som du kan bestemme radius for hjørna med. (Treng du meir kontroll med utforminga av hjørna, kan du bruke UtvalAvrunda rektangel frå biletmenyen).

Ekspander frå sentrum

Dette vil føre til at det punktet du klikkar på for å byrja å lage utvalet, vert sentrum i utvalet.

Fast

Denne menyen gir deg høve til å velje mellom fire oppsett for rektangelet:

Sideforhold

Dersom du aktiverer denne, vil forholdet mellom sidene i rektangelet vere det som er skrive inn i den tilhøyrande ruta. Dette gjeld også når du forandrar storleiken på utvalet. Normalinnstillinga er 1 : 1, altså eit kvadrat, men dette kan du endre etter behov. Du kan klikke på symbolet for ståande eller liggande for å invertere forholdet.

Breidde

Breidda vert bestemt av talet du skriv inn i innskrivingsruta.

Høgde

Høgda vert bestemt av talet du skriv inn i innskrivingsruta.

Storleik

Gjer at du ikkje kan forandre formatet. Høgda og breidda vil vere uforandra.

Posisjon

Desse to tekstfelta inneheld dei gjeldande vassrette og loddrette koordinata for øvre, venstre hjørne for utvlet. Du kan bruke desse felta for å justere posisjonen nøyaktig.

Storleik

Desse to tekstfelta inneheld den gjeldande breidda og høgda på utvlet. Du kan bruke desse felta for å justere storleiken nøyaktig.

Utheving

Dette valet fører til at biletet utanom det markerte området vert dekka av ei mørk, gjennomsiktig maske for å gjere utvalet tydelegare.

Hjelpelinjer

I denne nedtrekksmenyen kan du velje kva slag hjelpelinjer som eventuelt skal brukast innføre utvalet for å gjere det enklare å utforme utvalet slik at det samsvarar med dei vanlege reglane for fotokomposisjonar. Du finn nærare omtale av hjelpelinjene i Hjelpelinjer).

Her er det seks val:

  • Ingen hjelpelinjer

  • Senterlinjer

  • Tredelingsregel

  • Femdelingsregel

  • Gylne snitt

  • Diagonale linjer

Autokrymp

Dette valet er tilgjengeleg dersom eit rektangelutval er brukt. Eit trykk på knappen Autokrymp vil føre til at utvalet automatisk vert krympa til den minste rektangelforma som inkluderer begge elementa i utvalet. Algoritmen, dvs. matematikken som reknar ut dette, er nokså «intelligent». I denne samanhengen betyr det at resultatet i nokre tilfelle kan verta svært avansert, i andre tilfelle overraskande dumt. Dersom området du vel ut er omgitt av einsfarga flater, vil den automatiske krympinga til vanleg verta nokså brukbart. Det endelege utvalet treng ikkje ha same forma som det utvalet du feiar ut.

Figur 14.14. Eksempel på bruk av autokrymp

Eksempel på bruk av autokrymp

Bilete med to element merkte

Eksempel på bruk av autokrymp

Autokrymp brukt


Krymp fletta

Dersom også Krymp fletta er avkryssa, vil den automatiske krympinga bruke pikselinformasjonar frå alle dei synlege laga i staden for berre det aktive laget. Du kan finne meir om dette i ordlista under Sample Merged .