2.5. Tryllestaven

Figur 14.21. Symbolet for tryllestaven i verktøykassa

Symbolet for tryllestaven i verktøykassa

Tryllestaven, eller «verktøyet for å markera samanhengande område», vert brukt for å velje ut samanhengande område i det aktive laget eller biletet med meir eller mindre same farge.

Når du nyttar dette verktøyet, er det svært viktig å velja det rette startpunktet. Vel du feil, kan resultatet verta nokså langt frå det du hadde venta deg.

Tryllestaven er eit godt verktøy for å velja ut område med skarpe, markerte kantar. I tillegg er det morosamt å bruka det, så nybyrjarane likar ofte dette verktøyet svært godt. Etterkvart vert kanskje gleda bytt ut med frustrasjon over at du ikkje greier å gjere nøyaktig det utvalet du ønskjer. Meir frustrerande er det kanskje likevel at etter at du har sleppt museknappen, kan du ikkje gjere endringar i utvalet. Er du misnøgd, må du gjere alt om igjen. Etter kvart vil du kanskje finne ut at verktøya for bane og vel etter farge er vel så nyttige. Du bør likevel ikkje avskriva tryllestaven. Han er fin til å velja ut eit område innføre eit omriss, og for å retta opp unøyaktige markeringar. Vidare er han ofte svært nyttig for å velje einsfarga eller nær einsfarga bakgrunnar eller større fargeflater.

Legg merke til at det valde området forplantar seg utover frå sentrum. Det spreier seg ikkje berre til nærliggande fargepunkt, men kan også gjere små hopp. Kor lange desse hoppa kan vere, bestemmer du i verktøyinnstillingane under innstillingar i brukarinnstillingane. Ved å auka eller minska «terskelverdien» i avsnittet «vel samanhengande område» kan du gjere tryllestaven meir eller mindre aggressiv. Ver berre klar over at dette også påverkar fylle- og blande-verktøya.

2.5.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaTryllestavenl,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykkja på tasten U.

2.5.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

2.5.3. Å bruke verktøyet

Figur 14.22. Bruk av tryllestaven

Bruk av tryllestaven

Tryllestaven vert aktivert ved at du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Du vil då sjå korleis markeringa flyt utover som vatn over eit flatt lende etter kvart som punkta med liknande farge som startpunktet vert markerte. Du kan kontrollera kor like fargane må vera for å verta tatt med i utvalet ved å flytta musepeikaren nedover eller mot høgre. Dess lenger du flyttar peikaren, dess større område. Flytter du peikaren oppover eller mot venstre, vert området redusert.

Du kan flytte omrisset av utvalet med tastekombinasjonen Alt + piltast.

2.5.4. Innstillingar

Figur 14.23. Innstillingane for tryllestaven

Innstillingane for tryllestaven

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

[Notat] Notat

See Selection Tools Options for help with options that are common to all these tools. Only options that are specific to this tool are explained here.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar

Felles innstillingar for utvalsverktøya

Finn liknande fargar

Dette er innstillingar som påverkar måten tryllestaven utvidar seg på ut frå det valde startpunktet.

Vel gjennomsiktige område

Dersom denne er avmerka, kan tryllestaven markera også gjennomsiktige område. Elles vert ikkje gjennomsiktige område inkluderte i utvalet.

Flett synlege

Dette valet kan vere relevant når du har mange lag i biletet, og det aktive laget anten er litt gjennomsiktig eller er sett til ein annan modus enn normal. Dersom dette er tilfelle, vil fargane i laget vere annleis enn fargane i det synlege biletet. Tryllestaven vil, dersom du har kryssa av for dette valet, reagere på fargane slik dei ser ut for oss. Dersom valet er umarkert, vil tryllestaven reagere berre på fargane i det aktive laget. Sjå nærare i ordboka under Sample Merged .

Diagonale naboar

Når dette valet er slått på vil verktøyet bruka også diagonale nabopikslar ved utrekninga av effekten. Altså at i staden for å bruka dei fire ortogonale (rettvinkla) pikslane vert alle åtte pikslane rundt kvar piksel brukt.

Figur 14.24. Eksempel på diagonale naboar

Eksempel på diagonale naboar

Ein piksel med fire ortogonale naboar

Eksempel på diagonale naboar

Ein piksel med fire diagonale naboar

Eksempel på diagonale naboar

Ein piksel med åtte naboar


Figur 14.25. Eksempel der diagonale naboar er brukt

Eksempel der diagonale naboar er brukt

Diagonale naboar ikkje brukt

Eksempel der diagonale naboar er brukt

Diagonale naboar brukt


Terskel

Denne glidebrytaren bestemmer kor like fargane må vere fargen i du byrja med. Dess større verdi, dess større område vert markert. Dersom du etter det første knappetrykket drar peikaren nedover eller til høgre, vert området større. Drar du peikaren oppover eller til venstre, vert området redusert. Du har såleis eigentleg ikkje bruk for denne brytaren til anna enn eventuelt å minske avstanden du må flytta peikaren.

Select by

This option determines which component of the image GIMP uses to calculate the similarity in color.

You can choose from Composite, Red, Green, Blue, Alpha, HSV Hue, HSV Saturation, HSV Value. LCh Lightness, LCh Chroma, and LCh Hue.

Teikna maske

This option can help to visualize the selection. Selected areas marked with marching ants may not be evident when selecting with Fuzzy select or Magic wand. If this option is checked, selected areas will be filled with a magenta color as long as you keep pressing on the left mouse button, and this mask will disappear as soon as you release this button.

Figur 14.26. Eksempel der teiknemaske er brukt

Eksempel der teiknemaske er brukt

Tryllestaven brukt utan teiknemaska

Eksempel der teiknemaske er brukt

Tryllestaven brukt med teiknemaska og museknappen nede.