5.4. Lupe

Figur 14.171. Symbolet for «lupa» i verktøykassa

Symbolet for «lupa» i verktøykassa

Lupa blir brukt til å forstørre eller forminske visinga av biletet på skjermen. Biletfila blir ikkje endra. Dersom du klikkar på biletet med lupa, vil dette verke på heile biletet, men du kan også klikke og dra med musepeikaren for å markere eit rektangel som blir forstørra eller forminska. Dersom det ikkje er merka av for «automatisk tilpassing av vindauget», vil den lengste sida i rektangelet tilpassa seg tilsvarande side i biletvindauget.

5.4.1. Aktivering

  • Du kan henta fram dette verktøyet frå biletmenyen via VerktøyLupe

  • eller ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa.

5.4.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å få lupa til å bytte verktøymodus i høve til den som er sett i innstillinsvindauget.

Ctrl+Musehjul

Du kan variera forstørringsgraden ved å halde nede Ctrl-tasten samstundes som du bruker musehjulet.

5.4.3. Innstillingar

Figur 14.172. Innstillingane for «lupeverktøyet»

Innstillingane for «lupeverktøyet»

Automatisk tilpassing av vindauget

Gjer at biletvindauget om nødvendig vil forandra storleik for å tilpassa seg den nye visinga.

Verktøymodus

Her bestemmer du om lupa skal forstørre eller forminske.

5.4.4. Forstørr-menyen

Lupa er ikkje den einaste måten å påverka kor stort biletet skal visast på skjermen. Du kan også bruke forstørr-menyen. Denne menyen gir deg mellom anna høve til å bestemma meir nøyaktig kor mykje biletet skal forstørrast eller forminskast.