3. Teikneverktøya

Figur 14.38. Teikneverktøya

Teikneverktøya

3.1. Felles eigenskapar

Verktøykassa i GIMP inneheld tretten «teikneverktøy» som alle er grupperte nedst i verktøyvindauget (i normaloppsettet).

Figur 14.39. Teikneverktøya i verktøykassa

Teikneverktøya i verktøykassa

Felles for alle desse verktøya er at dei lagar penselstrøk når peikaren vert flytt rundt om på biletet. Fire av ddesse,

and MyPaint brushes, a new feature in Gimp-2.10.6,

oppfører seg slik ein ventar av ein pensel. Blyanten, målarpenselen og luftpenselen høyrer til dei grunnleggande teikneverktøya, eller penselverktøya som dei er kalla her.

Dei andre verktøya bruker ein pensel for å gjere endringar i biletet på andre måtar enn det å teikne på det:

Teikneverktøya kjem til sin fulle rett først når du nyttar teiknebrett (digitaliseringsbord). Musa er i slike tilfelle berre ei dårleg nødløysing, som heller ikkje kan gjerast trykkfølsam slik teiknebrettet kan det.

I tillegg til dei meir vanlege «rett fram metodane», kan teikneverktøya også nyttast på ein automatisert måte ved å lage eit utval eller ein bane og deretter «streke opp» med eit av verktøya. Alle teikneverktøya, med alle tilgjengelege innstillingar, kan brukast til dette, også viskelêret og liknande «uvanlege» verktøy. Sjå nærare om dette i Del 3.20, “Strek opp utvalet”.

3.1.1. Valtastar

Ctrl

Denne tasten har ein spesiell effekt på alle tastane unntatt på pennen. Held du nede Ctrl-tasten medan du bruker blyant, pensel, viskelêr eller utgniingsverktøyet, vil verktøyet gå over til å verta ein fargeplukkar som du kan bruka til å henta forgrunnsfarge (eller, dersom du brukar viskelêret: bakgrunnsfarge) frå biletet. Dersom kloneverktøyet er aktivt, vil klikket setja referansepunktet for dette. For slør/skjerp byter Ctrl-tasten mellom modus for å gjere skarpare eller å sløra. For verktøyet avskygging/etterbelysning skifter Ctrl-tasten mellom desse to.

Shift

Denne har same effekten på alle teikneverktøya. Held du nede Shift-tasten vil verktøyet skifte til berre å kunne teikne rette linjer. Dette gjer du ved først å klikka på startpunktet og deretter trykke ned Shift-tasten. Så lenge du held denne tasten nede, vil du sjå ei rett linje mellom startpunktet og markøren. Klikkar du igjen, vert det nå teikna ei rett linje mellom dei to klikka. Du kan gjenta prosessen så mange gonger du ønskjer.

Ctrl+Shift

Held du nede begge desse tastane, vil det aktuelle verktøyet avsette ei avgrensa rett linje. Det tilsvarar å halde nede Shift-tasten åleine, men retninga på linja er avgrensa til å vere multiplar av 15º i høve til førre linja. Du kan bruke dette for å lage perfekte horisontale, vertikale eller diagonale linjer.

3.1.2. Verktøyinnstillingar

Figur 14.40. Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Dei innstillingane som er felles for fleire av teikneverktøya vert omtalte her. Innstillingar som gjeld spesielt for eitt eller nokre få verktøy, vert omtalt saman med dei aktuelle verktøya.

Modus

Denne nedtrekkslista inneheld eit utval av metodar for å blanda saman fargar. På same måten som nemnd under dekkevne, kan det vere enklare å forstå verkemåten ved å tenke seg at penslane arbeider på eit biletlag over det du eigentleg arbeider på, og så kombinerer desse laga i ein modus som vert sett i dialogvindauget for det øvste laget. Dei ulike måtane å blanda saman laga på, kan gi opphav til mange spesialeffektar. Modusvalet er berre aktivt for dei verktøya som på ein eller annan måte legg farge til biletet, dvs. blyanten, målarpenselen, luftpenselen pennen og kloneverktøya. For dei andre verktøya er valet gråa ut. Du kan finne meir om ulike modus i Del 2, “Lagmodus”

I denne lista er nokre modus spesielle og er nærare omtalte i Del 3.1.3, “Eksempel på ulike teiknemåtar” nedanfor.

Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer kor stor dekkevne verktøyet skal ha, altså kor gjennomsiktig strøket vert. Dette er kanskje lettare å forstå dersom ein tenker seg at glidebrytaren oppretter eit gjennomsiktig lag over det aktive laget og arbeider på dette. Det er faktisk fullt mogleg å gjere det slik også. Opprett eit gjennomsiktig lag over det aktive laget og reguler dekkevna med glidebrytaren i lagdialogvindauget. Brytaren for dekkevne kontrollerer «styrken» til alle teikneverktøya, ikkje berre dei som teiknar på det aktive laget. Verknaden på viskelêret kan vere litt forvirrande i og med at dess høgare dekkevna er dess meir gjennomsiktig er det.

Pensel

Ein pensel tilsvarar i denne samanhengen spissen på teikneverktøyet. Altså kva slag avtrykk verktøyet skal gi. Du finn nærare omtale av desse i Del 6, “Penslar”. Penslane er tilgjengelege for alle teikneverktøya unntatt fyllepennen, som brukar eit eige prosedyregenerert sett. Fargen på penselen vert berre sett når det er meiningsfullt, slik som for blyanten, målarpenselen og luftpenselen. For dei andre teikneverktøya betyr penselvalet berre noko når det gjeld intensiteten til verktøyet.

Storleik

Med denne kan du bestemma nøyaktig kor brei penselen skal vere. Ved å bruka piltastane kan du endra i steg på ±0.01. Bruker du tastane Page-up og Page-Down vert forandringane ±0.05 for kvart trykk. Har du sett det opp slik i brukarinnstillingane (Del 9, “Å variere penselbreidda”), kan du også bruka musehjulet.

Sideforhold

Dette bestemmer forholdet mellom høgde og breidde på penselen. Glidebrytaren har ein skala frå -20,00 til 20,00. Normalverdien er sett til 0,00. Vert brytaren sett til ein negativ verdi frå 0 til -20, vert penselen lågare. Ein positiv verdi frå 0 til 20 vil gjere penselen smalare.

Vinkel

Dette valet gjer at penselen snur seg rundt midten. Dette er synleg dersom penselen ikkje er rund.

Avstand

This option sets the distance between the brush marks in a stroke.

Figur 14.41. Spacing option

Spacing option

Different spacings


Hard kant

Modifies the size of the brush hard center.

Figur 14.42. Hardness option

Hardness option

On the left: hardness=50 On the right: hardness=100.


Press

Modifies gain.

Figur 14.43. Force option

Force option

Force is 10%, 20%, 40%, 80%.


Penseldynamikk

Penseldynamikken gjer at du kan kople ulike penselparametrar saman med ulike dynamiske funksjonar. Dei er tenkt brukt saman med digitale teiknebrett, men nokre av dei kan også brukast med datamusa.

Desse er nærare omtalte under dynamikk.

Når du bruker funksjonen for å streke opp ein bane eller eit utval, kan du velje «Bruk penseldynamikk» når har vald å streke opp med eit teikneverktøy. Dette vil gjere at GIMP vil emulere varierande penseltrykk og fart. Trykket byrjar på null og aukar jamnt til fullt trykk for deretter å gå tilbake til null trykk igjen. Farten er i byrjinga sakte, men aukar til full fart ved slutten av oppstrekinga.

Innstillingar for penseldynamikk

Sjå innstillingar for penseldynamikk.

Legg til sitring

Som du sikkert veit, er penselstroka eigentleg laga ved å avsetja penselavtrykka meir eller mindre tett etter kvarandre. Er avstanden liten, gir dette inntrykk av å vere ei kontinuerleg linje. Dersom du aktiverer «sitring», vert penselavtrykka ikkje avsett pent og pynteleg på linje, men spreidde litt tilfeldig utover innføre eit område bestemt av glidebrytaren mengde.

Figur 14.44. Eksempel på bruk av «sitring»

Eksempel på bruk av «sitring»

Ovanfrå og nedover: utan sitring, sitring = 1, sitring = 4.


Sitring er også tilgjengeleg i penseldynamikken der du kan kople sitringa saman med ulike bruksmåtar for penselen.

Mjukare strok

Dette valet endrar ikkje måten penselstroka vert teikna på, men endrar utsjånaden. Det fjernar «skjelvinga» i strekane og kan såleis gjere det litt enklare å lage teikningar med datamusa.

Når du merker av for dette valet, kjem det fram to glidebrytarar, Kvalitet og Vekt som du kan bruke for å tilpasse strokstilen til slik du ønskjer det.

Høg vektverdi gir rettare strek.

Figur 14.45. Eksempel på bruk av mjukare strok

Eksempel på bruk av mjukare strok

Forsøk på å teikne ei rett linje og ei sinuskurve med datamusa. 1: Funksjonen ikkje brukt. 2: Normalinnstillingane. 3: Maksimumsverdiane.


Lock brush size to view

When you are working on an image that is bigger (in pixels) than your screen, you have to zoom in and out a lot. This option allows a very natural "iterative refinement" process with no need to repeatedly ask the application to change brush size as you go between the broad strokes and the detailing.

If the brush size is relative to the canvas (option unchecked), zooming in makes the brush zoomed also and it appears larger (takes up more pixels on the screen). If you're working with a 300 pixels radius brush and you zoom in from 12% to 100%, the brush is now half the size of your screen! So you have to shrink the brush back down.

If the brush size is relative to the screen (option checked), then when you zoom in, the size of the displayed brush doesn't change, it looks smaller and so you can work on tiny details.

Figur 14.46. Lock brush example

Lock brush example

This image is the screenshot of a small part of a TIFF image bigger than my screen. Here, GIMP displays this TIFF image at 50% zoom, so the whole image is visible. The option is not checked, brush size in toolbox is 100 pixels high.

Lock brush example

Screenshot: zoom 200. The option is not checked. We paint with pencil and the pepper brush that is 100 pixels high in toolbox: displayed brush stroke is 200 pixels high.

Lock brush example

Screenshot: zoom 200. The option is checked. We paint with pencil and the pepper brush that is 100 pixels high in toolbox: displayed brush stroke is 100 pixels high.


"Lock brush to view" can also be used to lock brush to view rotation:

Figur 14.47. Lock brush to view rotation example

Lock brush to view rotation example

Screenshot. Here, the option is unchecked and we use ViewFlip and RotateRotate 15° clockwise: brush stroke is rotated.

Lock brush to view rotation example

Same thing but the option is checked: the brush is locked to the original, not rotated view and brush stoke is not rotated.


Aukande

Applies the effect incrementally as the mouse pointer moves.

Innstillinga «aukande» verkar kanskje ikkje heilt slik ein skulle vente det. Dersom denne ikkje er aktivert, som er normalinnstillinga, vil eit enkelt strok få den dekkevna som er bestemt i glidebrytaren for dekkevne. Dersom glidebrytaren er sett til ei dekkevne mindre enn 100, kan du teikne fleire gonger på same staden for å forsterka fargen. Dett gjeld berre dersom du har løfta opp penselen i mellomtida. Dersom «aukande» er aktiv, vert fargen teikna med full dekkevne uavhengig av kva glidebrytaren er sett til. Dette valet er tilgjengeleg for alle teikneverktøya unntatt dei som har «grad»-kontroll. Desse har denne effekten innebygd. Sjå også Del 2, “Lagmodus”.

3.1.3. Eksempel på ulike teiknemåtar

Eksemplet viser nokre av teiknemåtane brukte i GIMP

Oppløys-modus

Figur 14.48. Eksempel på oppløys-modus

Eksempel på oppløys-modus

Teikning med luftpensel. Til venstre i normalmodus, til høgre i oppløysmodus.


Dersom dekkevna er mindre enn 100 %, vil penselstrøket i staden for å bestemma mengda av farge, finne ut om det skal vere farge eller ikkje farge. Dette er eit svært brukbart modus som kan gi fine stople-effektar.

Figur 14.49. Teikning i modus «oppløys»

Teikning i modus «oppløys»

I dette biletet er det teikna tre raude blyantstrekar på det himmelblå bakgrunnslaget utan alfakanal. Strekane er teikna med 100 %, 50 % og 25 % dekkevne. Strekane er meir eller mindre stopla.


Bak

Figur 14.50. Eksempel på lagmodus «bak»

Eksempel på lagmodus «bak»

Wilber over eit blått bakgrunnslag

Eksempel på lagmodus «bak»

Lagdialogen

Eksempel på lagmodus «bak»

Fyll med mønsterelement


Gjer at fargen berre vert synleg i gjennomsiktige område av laget. Dess meir gjennomsiktig området er, dess mørkare vert fargen. Teiknar du på eit heilt gjennomsiktig område, vert resultatet identisk med slik det vert i normalmodus. (Gjeld sjølvsagt berre dersom laget inneheld alfakanal).

I eksemplet er Wilber i det øvste laget omgitt av gjennomsikt. Det nedre laget er einsfarga lyseblått. Det vart brukt fyllverktøyet med Verkar på modus sett til «utval». Heile laget vart markert og fylt med eit mønsterelement.

The next image (below) has two layers. The upper layer is active. Three brush strokes with pencil, red color at 100%, 50%, 25%: only transparent or semi-transparent pixels of the layer are painted.

Figur 14.51. Teikning i modus «Bak»

Teikning i modus «Bak»

Frå venstre til høgre: Teikning med 100 %, 50 % og 25 % gjennomsikt


Slett farge

Figur 14.52. Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Wilber over eit blått bakgrunnslag

Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Den kvite forgrunnsfargen er fjerna


Denne innstillinga byter ut forgrunnsfargen med meir eller mindre gjennomsikt. Det verkar på same måten som når filteret farge til alfa er lagt til under penselstroka. Dersom laget du arbeider på ikkje har alfakanal, vil modus slett farge vere det same som normalmodus.

I eksemplet er fargen i fyllverktøyet sett til kvit. Dei kvite partia i Wilber vart difor sletta og gjorde den blå bakgrunnen synleg.

This image below has only one layer, the background layer. Background color is sky blue. Three brush strokes with pencil:

  1. same blåfargen som det blå feltet. Berre den blå fargen vert viska ut.

  2. same raudfargen som det raude feltet. Berre den raude fargen vert viska ut.

  3. same blåfargen som bakgrunnslaget. Berre denne blåfargen vert viska ut.

Figur 14.53. Teikning i «Slett farge» modus

Teikning i «Slett farge» modus

Teina med 1: blå, 2: raud og 3: bakgrunnsfargen


3.1.4. Tilleggsinformasjon

Den avanserte brukaren har kanskje interesse av å vite at teikneverktøya arbeider på eit «sub-oiksle-nivå» for å unngå takkete kantar og overgangar. Dette kan føre til at når du nyttar verktøy som skulle gitt harde kantar, som t.d. ein sirkulær pensel, kan du oppleva at overgangane berre vert gradvis påverka. Dette vil normalt vera ein fordel, men er av og til ei ulempe, t.d. når du skal klippe ut noko eller arbeider på svært store forstørringar. Då er blyanten den rette reiskapen i og med at han koplar ut sub-piksel-utjamninga og såleis gir harde kantar.