3.7. Målarpensel

Figur 14.75. Målarpensel

Målarpensel

Målarpenselen lagar fargestrøk med diffuse kantar. Alle stroka skjer med den for tida aktive penselen.

3.7.1. Aktivering

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyMålarpensel,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen P.

3.7.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Gjer målarpenselen om til ein fargeplukkar.

Shift

Gjer at målarpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.

3.7.3. Innstillingar

Figur 14.76. Innstillingane for «målarpenselen»

Innstillingane for «målarpenselen»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Mode; Opacity; Brush; Size; Aspect Ratio; Angle; Spacing; Hardness; Dynamics; Dynamics Options; Force; Apply Jitter; Smooth Stroke; Lock brush size to view; Incremental
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.