2.7. Intelligent saks

Figur 14.30. Symbolet for verktøyet «saks» i verktøykassa

Symbolet for verktøyet «saks» i verktøykassa

«Den intelligente saksa» er eit interessant stykke verktøy. Ho kan likna litt på «lassoen», men har også ein del av eigenskapane til baneverktøyet, i tillegg til nokre som er spesielle for dette verktøyet. Saksa er særleg nyttig for å velje ut område som er avgrensa med sterke fargekontrastar. Når du bruker saksa, klikkar du av for eit sett med «kontrollpunkt» rundt kanten av det området du ønskjer å velje ut. Saksa vil setje opp ei kurve som går gjennom desse kontrollpunkta. Mellom desse punkta vil kurva følgje mest mogleg dei fargekantane som måtte finnast. Dersom du er heldig, vil dette også vere konturen av det området du ønskjer å markera.

Unfortunately, there seem to be some problems with the edge-following logic for this tool, with the result that the selections it creates tend to be pretty crude in a lot of cases. A good way to clean them up is to switch to QuickMask mode, and use paint tools to paint in the problematic parts. On the whole, most people find the Path tool to be more useful than the Scissors, because, even though it does not have the intelligent edge-finding capability, the paths it produces persist until you delete them, and can be altered at any time.

2.7.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaSaksl,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykkja på tasten I.

2.7.2. Valtastar

Normalinnstillingane for tastane Shift, Ctrl og Alt er omtalet i Del 2.1.1, «Valtastane (normalinnstillinga)» for alle utvalsverktøya.

Ein av valtastane har likevel ein noko spesiell funksjon dersom du brukar han medan du redigerer eit utval etter at du har lagt til den første noden:

Shift

Saksa er normalt sett opp slik at når du klikkar med musepeikaren vil saksa plassere det nye kontrollpunktet der fargeskiftinga er maksimal.

Held du nede denne tasten, vert denne funksjonen kopla ut. Kontrollnoden vert plassert der musepeikaren er når du klikkar.

Backspace removes last segment drawn, Escape cancels all selection segments.

2.7.3. Å bruke verktøyet

Figur 14.31. Bruk av saksa

Bruk av saksa

Kvar gong du venstreklikkar med museknappen, set du av eit kontrollpunkt. Dette vert bunde til det førre kontrollpunktet med ei kurve som prøver å følgje fargeskilnadane i biletet. For å avslutta, klikkar du på det første punktet. (Markøren endrar utsjånad for å visa at du har funne det første punktet). Du kan justera kurva ved å dra i kontrollpunkta, eller setja inn nye punkt. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du ein eller annan stad innføre området for å laga kurvene om til eit utval.

Som sagt tidlegare, lager du markeringa ved å klikke inn punkt på høvelege stader. Desse punkta bestemmer omrisset for markeringa. Med unnatak for det første og det siste punktet, kan du flytte punkta ved å dra og sleppe dei der du måtte ønskje. Markeringa vert lukka ved å klikke det siste punktet over det første. Når markeringa vert lukka, vil markøren skifte utsjånad for å vise kor han er i høve til markeringa. Er han innføre, vil han sjå slik ut: . Er han på omrisset av markeringa, vert han sjåande slik ut: og dersom han er på utsida av markeringa, slik: . Du kan finjustere markeringa ved å opprette nye kontrollpunkt ved å klikke på omrisset av markeringa eller ved å flytte eksisterande punkt. Når alt er som det skal vere, klikkar du på innsida av markeringa for å gjere ho om til eit utval.

Det er berre råd å lage eitt utval på denne måten. Prøver du å lage ei ny markering, vil det første utvalet forsvinne når du omformar den nye markeringa til eit utval.

[Åtvaring] Åtvaring

Ikkje klikk innføre området før du er sikker på at markeringa er slik du vil ha ho. Angreloggen registrerer ikkje kvart enkelt klikk. Klikkar du på «angre», vert du ført tilbake til biletet slik det var før du byrja å bruke saksa, og du må begynne heilt frå nytt igjen. Klikkar du deg over til eit anna verktøy, vil også alle punkta du har prikka inn forsvinne. Du kan likevel omforma markeringa til ein bane og arbeida vidare på denne med baneverktøyet.

Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval. (Du kan flytte omrisset for utvalet med piltastane, men ikkje med musepeikaren).

2.7.4. Innstillingar

Figur 14.32. Verktøyinnstillingane for «saksa»

Verktøyinnstillingane for «saksa»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, kantutjamning og mjuke kantar
[Notat] Notat

See Selection Tools Options for help with options that are common to all these tools. Only options that are specific to this tool are explained here.

Vis interaktiv grense

Dersom du har aktivert dette valet, vil GIMP vise ruta som grensemarkeringa vil ta frå det førre markeringspunktet og til det nye. Dersom dette valet ikkje er aktivert, vil GIMP vise ei rett linje frå det førre markeringspunktet og til det nye. Først når du slepp museknappen vert den valde grensa markert. Dersom du har ein treg maskin og store avstandar mellom kontrollpunkta, kan det vere litt hjelp i å ikkje aktivere dette valet.