3.11. Pennen (blekkverktøyet)

Figur 14.88. Symbolet for «pennen» i verktøykassa

Symbolet for «pennen» i verktøykassa

Dette verktøyet simulerer ein penn med utskiftelege splitter («pennespissar») som vert brukt for å skriva med blekk. Du kan bestemma breidda, forma og vinkelen på pennen etter kva slag avtrykk du ønskjer han skal gi.

3.11.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaPenn,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen K.

3.11.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald denne tasten nede for å gjere spissen om til ein fargeplukkar.

3.11.3. Innstillingar

Figur 14.89. Innstillingane for «pennen (blekkverktøyet)»

Innstillingane for «pennen (blekkverktøyet)»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Justering
Storleik

Bestemmer breidda på pennesplitta på ein skala frå 0, smalast, til 20, breiast.

Vinkel

Bestemmer hellingsvinkelen til pennesplitta, frå -90º til +90º.

Følsemd
Storleik

Bestemmer relativ breidde på splitta i høve til tidlegare innstilling. Legg merke til at null (0) ikkje gir null pennebreidde, men den minst moglege.

Helling

Bestemmer hellinga på splitta. Denne kontrollen verkar saman med vinkelkontrollen nemnd ovanfor, du må difor kanskje eksperimentera litt med desse to for å finna fram til den innstillinga du ønskjer. Innstillinga går frå 0 (minst helling) til 1 (mest helling).

Fart

Bestemmer breidda på splitta som ein funksjon av teiknefarten. Dette simulerer ein verkeleg penn, der streken vert tynnare dess raskare du strekar.

Type og form
Type

Du kan her velje mellom dei tre hovudformene til pennesplitta: sirkel, firkant og rombe.

Form

Du kan i tillegg endra utsjånaden til pennesplitta ved å halde nede museknappen medan du har markøren i det vesle kvadratet i midten av figuren som viser forma. Du endrar forma ved å flytte musemarkøren rundt inne i figuren.