4.12. Bur-transformering

Figur 14.155. Bur-verktøyet i verktøykassa

Bur-verktøyet i verktøykassa

Verktøyet med det litt rare namnet «bur» er eit transformeringsverktøy der du sjølv kan bestemme korleis området som skal transformerast skal sjå ut. Du avsett punkt ved å venstreklikke rundt området. Desse punkta vert automatisk bundne saman med ei linje. Nokså likt slik du gjer med lassoverktøyet. Når du er nøgd med resultatet, trykker du Enter-tasten for å aktivere transformeringa.

4.12.1. Aktivering

Du kan aktivere dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaBur-transformering,

  • Ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med snarvegen Shift+G.

4.12.2. Verktøyinnstillingar

Figur 14.156. Innstillingane for bur-verktøyet

Innstillingane for bur-verktøyet

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist nedanfor verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Opprett eller rediger buret

Når burverktøyet vert aktivert, vil også dette valet vere aktivert. Du kan nå venstreklikke med datamusa der du ønskjer markeringspunkta og såleis ramme inn eit høveleg område av biletet. Treng du seinare i prosessen å legge til fleire slike ankerpunkt, kan du aktivere dette valet.

Deformer buret for å deformere biletet

GIMP vil skifte til dette valet automatisk når du klikker på startpunktet igjen. Nå kan du dra ankerpunkta dit du vil på biletet, og endatil utanfor bildet om du ønskjer det. Transformeringa byrjar når du slepp opp museknappen.

Du kan aktivere fleire ankerpunkt ved å halde nede Shift-tasten medan du klikkar på punkta. Ein annan måte å gjere det på, er å teikne ein firkant rundt dei aktuelle punkta medan du held nede musebrytaren.

Fyll tome område einsfarga

Dersom transformeringa resulterer i tome område vert desse fylt opp med ein farge dersom dette valet er slått på. Det ser ut til at fargen vert henta frå pikselen under startpunktet for kurva.

4.12.3. Using Cage tool

Figur 14.157. Eksempel på bur-transformering

Eksempel på bur-transformering
Bur-området er markert
Eksempel på bur-transformering
Transformert

Når du klikkar på bur-transformering i verktøykassa, vert verktøyinnstillingane normalt opna med «Opprett eller rediger buret» aktivert. Du kan nå avsetja omrisset for buret ved å klikka inn ankerpunkt rundt det ønskte området. Du fullfører operasjonen ved å klikka på startpunktet igjen. GIMP vil nå gjere ein del utrekningar og deretter aktivere «Deformer buret for å deformere biletet». Nå kan du dra ankerpunkta rundt i biletet og endatil utanom biletet, for å deformere buret.

Det aktive punktet, eller dei aktive punkta vert firkanta. Når du drar punkta rundt på skjermen og slepp opp museknappen, vert området transformert. Dette bruker nokså mykje datakraft og kan ta litt tid på store bilete. Ver tålmodig.

Dersom du har behov for å legge til fleire punkt, kan du gjere dette ved å aktivere «Opprett eller rediger buret» igjen. Legg inn dei ønskte punkta og gå tilbake til «Deformer buret for å deformere biletet» igjen for å arbeide vidare med deformeringa.

Når biletet er slik du vil ha det, trykker du Enter-tasten for å overføre endringane til biletet.