4.7. Forskyvingsverktøyet

Figur 14.137. Symbolet for «forskyvingsverktøyet» i verktøykassa

Symbolet for «forskyvingsverktøyet» i verktøykassa

Forskyvingsverktøyet vert brukt til å flytta ein del av eit bilete, eit lag, eit utval eller ein bane i ei bestemt retning og den andre delen i motsett retning. For eksempel vil ei vassrett flytting flytta den øvre delen til høgre og den nedre delen til venstre. Eit rektangel vert til ei rombe. I motsetning til rotering, vil forskyvinga forvrenga biletet. For å bruka dette verktøyet etter å ha merkt det, klikk på biletet eller utvalet: det vert kanskje lagt eit rutenett over biletet og dialogvindauget «Forskyvingsinformasjon» vert opna. Ved å dra musepeikaren på biletet forvrenger du biletet, vassrett eller loddrett i høve til retninga på peikaren. Når du er nøgd, trykk på Forskyv i dialogvindauget.

Figur 14.138. Eksempel på forskyving

Eksempel på forskyving

[Notat] Notat

Du kan ikkje forskyva begge vegane samstundes, men må bruka verktøyet to gonger.

4.7.1. Å slå på verktøyet

Du kan hente fram forskyvingsverktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via Verktøy → Transformasjonsverktøya → Forskyv,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller med tastatursnarvegen Shift + S.

4.7.2. Innstillingar

Figur 14.139. Verktøyinnstillingane

Verktøyinnstillingane

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via Vindauge → Dialogvindauge → Verktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Transformer, interpolering, retning, klipping, førehandsvising, hjelpelinjer

4.7.3. Dialogvindaget for å justera «Forskyv»

Figur 14.140. Dialogvindaget for å justera «Forskyv»

Dialogvindaget for å justera «Forskyv»

Forskyv X

Her bestemmer du kor mykje biletet skal forskyvast vassrett. Ein positiv verdi vil forskyva mot høgre (medsols), ein negativ verdi mot venstre (motsols).

Forskyv Y

Som ovanfor, med loddrett.