Kapittel 12. Å tilpasse GIMP

Innhald

1. Brukarinnstillingar
1.1. Innleiing
1.2. Systemresursar
1.3. Fargestyring
1.4. Leikeplass
1.5. Verktøyinnstillingane
1.6. Førehandsinnstillingar for bilete
1.7. Standard rutenett
1.8. Grensesnitt
1.9. Tema
1.10. Tema
1.11. Verktøykassa
1.12. Standardinnstillingar for dialogvindauge
1.13. Hjelpsystemet
1.14. Skjerm
1.15. Vindaugehandtering
1.16. Biletvindauget
1.17. Utsjånaden til biletvindauget
1.18. Tittel- og statuslinjer i biletet
1.19. Innstillingar for festing i biletvindauget
1.20. Inn-einingar
1.21. Inndatastyring
1.22. Mapper
1.23. Datamapper
2. Rutenett og hjelpelinjer
2.1. Rutenettet
2.2. Hjelpelinjer
3. Å teikne eit rutenett
4. Korleis setje opp bufferlageret
5. Å lage snarvegar til menyfunksjonane
6. Personleg startskjerm

1. Brukarinnstillingar

1.1. Innleiing

Figur 12.1. Liste over dei ulike innstillingane

Liste over dei ulike innstillingane

Dialogane for brukarinnstillingane er tilgjengeleg frå biletmenyen via RedigerBrukarnnstillingar. Desse dialogane vert brukte for å tilpassa GIMP etter personleg behov. Nedanfor finn du ein omtale av dei ulike innstillingane, kva dei gjer og korleis du kan tilpassa desse til eigne ønskje.

Alle førehandsinnstillingane vert lagra i fila gimprc i den private GIMP-katalogen din. Dersom du er oppsett som «administrator» på maskinen din, kan du også redigere denne fila ved hjelp av ein tekstbehandlar. Dersom du arbeider i Linux, kan du finne mykje teknisk informasjon om innhaldet i denne fila og kva dei ulike innslaga står for i kommandoen man gimprc.

1.2. Systemresursar

Figur 12.2. Systemresursar

Systemresursar

Denne sida vert brukt for å tilpassa minnebruken for ulike føremål. Dessutan kan du slå av varslinga dersom du er i ferd med å lukka bilete som ikkje er lagra. Endeleg kan du også setje storleiken på miniatyrane GIMP lagar og filene for desse.


1.2.1. Innstillingar

Ressursbruk

Minimum angrenivå

GIMP lar deg angre mykje av det du gjer ved å lage ein «angrelogg» for kvart bilete. Dette kan bruke opp ein god del minneplass. Difor kan du her bestemme kor mange handlingar som minimum skal lagrast i angreloggen. Sjå Del 3, “Å angre” for nærare om angrefunksjonane i GIMP.

Maksimalt angreminne

Her bestemmer du kor mykje plass angreloggen skal få lov til å bruka i minnet. Dersom angreloggen har bruk for meir enn det du har skrive inn her, vert dei eldste oppføringane i loggen sletta dersom talet på oppføringar ikkje kjem under det du har bestemt ovanfor som minimum.

Storleik på bufferlageret

Dette er den delen av minnet som er avsett til GIMP sine biletdata. Dersom det trengst meir minneplass enn det som er oppgitt her, vil GIMP overføre ein del biletdata til harddisken. Dette vil redusere farten på programmet merkbart. Du finn meir om dette under Korleis setje opp bufferlageret.

Maksimumsformat for nye bilete

Dersom du prøver å lage bilete større enn det som er spesifisert her, skjer det ikkje anna enn at GIMP spør om du verkeleg vil lage så stort bilete. Dette er helst for å hindre at du lager svært store bilete ved eit uhell.

Talet på prosessorar som kan brukast

Normalene er ein, men du kan forandre dette dersom datamaskinen har meir enn ein prosessor.

Maskinvareakselerasjon

Bruk OpenCL

OpenCL is an acronym for Open Computing Language (see Wikipedia). This option, checked by default, improves the management of relations between the CPU and the graphic processing unit (GPU).

Biletminiatyrar

Storleik på miniatyrbileta

Her kan du bestemme storleiken på miniatyrane i dialogen for å opna filer (og lagra dei for eventuell bruk i andre program). Vala er «Ingen», «Normal (128x128)» og «Stor (256x256)».

Maksimal filstorleik for miniatyrar

Dersom miniatyrfila er større enn det som er oppgitt her, vil GIMP ikkje lage miniatyr av denne. Dette for å unngå ekstremt store miniatyrar.

Dokumentlogg

Behald lista over brukte filer i dokumentloggen

Når dette valet er slått på, vert alle bilete som er opna registrerte i dokumentloggen som du finn i FilOpna tidlegare brukteDokumentlogg.

1.3. Fargestyring

Figur 12.3. Brukarinnstillingane for fargestyring

Brukarinnstillingane for fargestyring

1.3.1. Innstillingar

I dette dialogvindauget kan du tilpassa fargestyringa etter dine eigne behov og ønskjer.

I ein del av innstillingane har du bruk for å bestemme kva for fargeprofil du vil bruke. Dette gjer du ved hjelp av nedtrekksmenyane. Dersom den ønskte fargeprofilen ikkje finst i menyen, kan du hente han med kommandoen Vel fargeprofil frå disk... i nedtrekksmenyen.

[Tips] Tips

Filer som inneheld fargeprofilar har filutvidinga .icc og er som oftast lagra i maskinen på nokre få stader i samband med ein del programvare. Du finn dei enklast ved å søkja etter *.icc på maskinen din. For GIMP på Mac OS X kan du kikka på katalogane /Library/ColorSync/Profiles/ og Library/Printers/[produsent]/Profiles.

Biletvisingsmodus

Her bestemmer du korleis fargestyringa for GIMP skal arbeide. Du har tre val:

  • Ingen fargestyring: Gjer at GIMP ikkje brukar noko form for fargestyring.

  • Fargestyrt vising: Dette valet slår på GIMP si fargestyring. Dette gjer at skjermvisinga av bileta vert korrigert i høve til den fargeprofilen du har vald.

  • Utskriftsimulering: Dette valet gjer at GIMP vil bruke fargeprofilen for skrivaren i tillegg til fargeprofilen for visinga. Dette gjer at du kan førehandsvise utskriftene slik dei vert sjåande ut i utskrifta.

    [Notat] Notat

    Legg merke til at fargestyringa i GIMP berre vert brukt for å forbetra visinga av bileta på skjermen og for å legge inn fargeprofilar i biletfilene. Ingen av desse innstillingane vert brukte når du skriv ut papirkopiar. Utskrivinga vert utført med spesielle utskrivingsmodular som ikkje er ein del av GIMP.

Fargestyrt vising

Skjerm-profil

  • Ingen : GIMP brukar den kolorimetriske profilen til dataskjermen.

  • Vel fargeprofil frå harddisken : dersom du har ein profil lagra.

  • Dersom du aktiverer Prøv å bruke skjermprofilen i systemet vil GIMP bruke operativsystemet si fargestyring. Elles vert profilen sett for dataskjermen brukt.

Fargetilpassing

  • Dette valet handlar om korleis fargane vert omforma frå fargemodellen brukt i biletet til modellen brukt på dataskjermen. Du kan velje mellom «Perseptuell», «Relativ kolorimetrisk», «Metning» og «Absolutt kolorimetrisk».

    Som oftast vil relativ kolorimetrisk gi det beste resultatet. Dette er også standardvalet. Dersom du bruker ein annan skjermprofil enn LUT, (dei fleste profilane er matriser) vert perseptuell i praksis relativ kolorimetrisk.

    Bruk svartpunktkompensering for skjermen

    • Dette valet er standardvalet. Bruk svartpunktkompensering dersom du ikkje har ein god grunn til å la vere.

Optimaliser biletvisinga for:

  • To val: Fart og Fargepresisjon. «Fart» er standardinnstillinga. «Fargepresisjon» kan gi betre bilete, men går seinare.

Skrivarsimuleringsprofil>

Utskriftsimulering er ein metode for å vise fargane på skjermen slik dei vert i utskrifta på papir. Det er ein metode for å gjere om fargemodellen brukt på biletet til fargemodellen brukt på uteininga anten denne er ein skrivar eller andre einingar med fargeprofil.

Skrivarsimuleringsprofil

Ingen er standardinnstillinga. I nedtrekkslista kan du også velje Vel fargeprofil frå disk

Fargetilpassing. Som ovanfor, fire val: «Perseptuell», «Relativ kolorimetrisk», «Metning» og «Absolutt kolorimetrisk». Prøv alle og vel det som passar best.

Bruk svartpunktkompensering for skjermen

Prøv med og utan svartpunktkompensering og vel det som passar best.

Best mogleg utskriftsimulering for:

To val: Fart og Fargepresisjon. Standardvalet er «Fart». «Fargepresisjon» kan gi betre utskriftsimulering, men tar meir tid.

Merk fargane som er utanfor fargekartet

Når denne er avmerkt, viser utskriftsimuleringa fargar som ikkje finst i fargemodellen til mottakaren. Til høgre er det ein fargeknapp som du kan trykke på for å opna ein fargeveljar som du kan bruka for å velja den ønskte fargen.

Føretrekte profilar

RGB-profil

Standard er «Ingen». Dette betyr at den innebygde RGB-profilen vert brukt. Du kan velja ein annan fargeprofil for arbeidsrommet frå lagringsmediet. Denne kjem opp ved sida av den innebygde fargeprofilen når ein profil er tilgjengeleg.

Gråtone-profil

Standard er «Ingen». Dette betyr at den innebygde gråskala-profilen vert brukt. Du kan velje ein annan gråskalaprofil for arbeidsrommet frå lagringsmediet. Denne kjem opp ved sida av den innebygde gråskalaprofilen når ein profil er tilgjengeleg.

CMYK-profil

Standard er «Ingen». Du kan velje ein CMYK profil frå lagringsmediet for å omforme RGB til CMYK.

Handlingar

Oppførsel ved opning av fila

Standard er «Spør om kva som skal gjerast». Dei andre vala er «Behald innlagt profil» og «Omform til ønskt RGB-fargeprofil» for å visa korleis innebygde profilar skal handsamast når ei biletfil vert opna.

[Notat] Notat

For utfyllande forklaringar:

  • ICC-profilane er forklarte i Wikipedia (på engelsk) under [WKPD-ICC].

  • Sjå «OpenICC project» ([OPENICC]) som GIMP og andre store namn innan fri «infografi» samarbeider med.

Du kan også laste ned mange profilar frå Internett:

  • ICC sRGB Workspace: ICCsRGB[ICCsRGB]

  • Microsoft sRGB Workspace: MsRGB[MsRGB]

  • Adobe RGB98 Workspace : Adobe RGB (1998)[AdobeRGB]

  • ECI-profilane («(European Color Initiative»): ECI[ECI]

1.4. Leikeplass

Figur 12.4. Vala er heilt ville

Vala er heilt ville

I dette dialogvindauget kan du velja ein del eksperimentelle verktøy.


1.5. Verktøyinnstillingane

Figur 12.5. Verktøyinnstillingane

Verktøyinnstillingane

Denne dialogen vert brukt for å bestemme ein del generelle innstillingar for ulike verktøy.


1.5.1. Innstillingar

Generelt

Lagra verktøyinnstillingane ved avslutning

Lagrar innstillingane ved avslutning av GIMP slik at dei vert brukte når du opnar GIMP neste gong.

Lagra verktøyinnstillingane nå

Lagrar innstillingane ved avslutning av GIMP slik at dei vert brukte når du opnar GIMP neste gong.

Tilbakestill verktøyinnstillingane til standarsverdiane

Lagrar innstillingane ved avslutning av GIMP slik at dei vert brukte når du opnar GIMP neste gong.

Skalering

Førehandsvald interpolasjon

Når noko vert skalert, dvs. gjort større eller mindre, vert dei nye pikslane rekna ut ved å interpolere pikselverdiar frå kjelda. Du bestemmer her kva for metode som skal vera den førehandsinnstilte, men kan alltids endre denne etter behov.

Du har fire val:

Ingen

Er sjølvsagt den raskaste metoden, men med dårlegast resultat. Lite brukt i praksis.

Lineær

Dette er den vanlegaste. Tålleg bra resultat og rimeleg rask.

Kubisk

Dette er den beste metoden, men kan ta lang tid. For nokre bilete kan likevel resultatet faktisk verta dårlegare enn ved lineær interpolering. Førehandsvalet frå GIMP 2.6.

IngenHalo

Denne metoden brukar ei høgkvalitets interpolering. Bruk «Ingen halo» dersom du forminskar biletet til mindre enn halvparten av det opphavlege biletet.

LågHalo

Denne metoden brukar ei høgkvalitets interpolering. Bruk «Låg halo» dersom du forminskar biletet berre litt, som for eksempel ved rotering eller forskyving.

Teikneinnstillingar felles for fleire verktøy

Pensel, Dynamikk, Mønsterelement, Fargeovergang

Har du for eksempel merka av i ruta framføre Pensel, vil den penselen du vel for blyanten også gjelde for kloneverktøyet eller andre verktøy som brukar pensel. Er ruta ikkje avkryssa, vil penselinnstillingane berre gjelde for det aktive verktøyet.

Flytteverktøyet

Set lag eller bane som aktiv

Dersom du har merkt av for denne, vil flytteverktøyet automatisk verka på biletlag eller banar utan at du trykkjer nokre tastar samstundes.

1.6. Førehandsinnstillingar for bilete

Figur 12.6. Førehandsinnstillingane for nye bilete

Førehandsinnstillingane for nye bilete

Her bestemmer du ein del normalinnstillingar som vert brukte når du opnar for å laga eit nytt bilete.

1.7. Standard rutenett

Figur 12.7. Innstillingar for rutenettet

Innstillingar for rutenettet

I GIMP kan du legge eit rutenett over biletet for å tilpassa ulike biletelement. Dette rutenettet kan du slå av og på frå biletmenyen via VisVis rutenett. Her kan du bestemme korleis dette rutenettet skal sjå ut. Innstillingane er dei same som du har tilgang på frå biletmenyen BileteStill inn rutenett, men då gjeld dei berre for det bestemte biletet. Du finn informasjon om dei ulike innstillingane i avsnittet Still inn rutenettet.

1.8. Grensesnitt

Figur 12.8. Tilpassing av brukargrensesnittet

Tilpassing av brukargrensesnittet

På denne sida kan du tilpasse GIMP etter eigne behov. Du kan velje språk, førehandsvisinga av lag og kanalar og lage tastesnarvegar.


Innstillingar

Språk

Normalt vil GIMP bruke det språket maskinen er sett opp med. Du kan bytte til eit anna språk frå nedtrekkslista. Du må starte GIMP på nytt før endringa vert gjeldande. Sjå eller i Del 1.2, “Språk”.

Førehandsvising

Normalt vil GIMP bruke miniatyrar for å vise innhaldet i biletlag og kanalar. Desse førehandsvisingane kan du finne igjen fleire stader, mellom anna i lagdialogen. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ønskjer desse miniatyrane, kan du slå dei av ved å fjerne merket framføre «Slå på førehandsvisingar av lag og kanalar» ved å klikka på det. Dersom du vel å ha førehandsvisingane, kan du bestemma storleiken på dei i Standard storleik for førehandsvising av lag og kanalar og i Standard storleik for førehandsvising av navigering.

Du kan også tilpassa Angra storleik på førehandsvisinga og Storleik på førehandsvising ved navigering.

Tastesnarvegar

Alle menyoppføringane kan aktiverast ved å halde nede Alt-tasten samstundes som su trykker på ein eller fleire bokstavtastar. Til vanleg er bokstaven du skal trykke på understreka i menyen, men skulle du av ein eller annan grunn ikkje ha denne understrekinga, anten fordi du ikkje likar ho eller kanskje fordi du aldri bruker snartastane likevel, kan du fjerne avkryssinga for Vis menysnarvegtastar.

I GIMP kan du lage tastesnarvegar, dvs. tastekombinasjonar som aktiverer menyane, dynamisk ved å treykke ned dei aktuelle tastane medan du held musepeikaren over menyoppføringa. I normalinnstillinga er denne funksjonen kopla ut fordi det er lett å overskrive standardinnstillingane på denne måten, med eller utan vilje. For å aktivere funksjonen, må du krysse av for Bruk dynamiske snarvegtastar.

Trykk på knappen Sett opp tastatursnarvegar for å få fram eit dialogvindauge som du kan bruke for å lage dine eigne tastatursnarvegar.

Dersom du endrar tastesnarvegane og ikkje ønskjer at endringane skal brukast i seinare GIMP-økter, må du fjerne avkryssinga for «Lagra tastatursnarvegane ved avslutning». Du bør i tilfelle hugsa at du har gjort det slik at du ikkje vert frustrert seinare. Dersom du ikkje lagrar snarvegane ved avslutninga, kan du lagra dei når som helst ved å trykkje på knappen Lagra tastatursnarvegane nå. Dei vert då brukte ved seinare GIMP-økter. Finn du ut at dei glupe snarvegane likevel ikkje var heilt gode, kan du alltids trykke knappen Tilbakestill tastatursnarvegane til standardverdiar.

1.9. Tema

Figur 12.9. Temainnstillingar

Temainnstillingar

Denne sida vert brukt til å velja tema som styrer mykje av utsjånaden til GIMP sitt brukargrensesnitt. Klikkar du på eit tema i lista, vert dette synleg med ein gong. Det er difor enkelt å prøve seg fram til eit passeleg tema.

1.10. Tema

Figur 12.10. Innstillingar for ikontema

Innstillingar for ikontema

På denne sida kan du velja eit tema for ikona (symbola) brukte i GIMP sitt brukargrensesnitt. Prøv dei ut. Resultatet vert vist med det same i dette dialogvindauget.

1.11. Verktøykassa

Figur 12.11. Brukarinnstillingane for verktøykassa

Brukarinnstillingane for verktøykassa

1.11.1. Innstillingar

Figur 12.12. Normalinnstillingane

Normalinnstillingane

Her kan du i avgrensa grad bestemma utsjånaden til verktøykassa. Du kan slå av eller på visinga av ein del informasjonar viste nederst i verktøykassa.

Utsjånad

Vis forgrunns- og bakgrunnsfarge

Kontrollerer om fargeområdet (2) til venstre i verktøykassa skal vere synleg eller ei.

Vis aktiv pensel, mønsterelement og fargeovergang

Bestemmer om området i sentrum (3) med symbolet for pensel, mønsterelement og fargeovergang skal vere synleg i verktøykassa.

Vis aktivt bilete

Bestemmer om visinga av det aktive bilete er synleg (4).

Verktøyoppsettet

I denne lista er verktøya som er tilgjengelege i verktøykassa merkte med eit auge. I normalinnstillinga er fargeverktøya ikkje med der, men du kan leggja dei til ved å klikke i den tilhøyrande ruta.

Du kan sortere verktøya etter kor mykje dei vert brukt ved å bruke pilknappane nedst i dialogvindauget.

Dette valet erstattar verktøydialogen frå tidlegare utgåver av GIMP.

1.12. Standardinnstillingar for dialogvindauge

Figur 12.13. Standard dialogvindauge

Standard dialogvindauge

Denne sida vert brukt til å tilpassa parametera for dialogvindauge.


1.13. Hjelpsystemet

Figur 12.14. Innstillingar for hjelpsystemet

Innstillingar for hjelpsystemet

Denne dialogen vert brukt til å velje korleis hjelpfunksjonen skal verke i GIMP.


1.13.1. Innstillingar

Generelt

Vis verktøytips

Verktøytipsa er små tekstbobler som dukkar opp dersom du held musepeikaren ei kort stund over eit element i grensesnittet, t.d. ein knapp eller eit ikon. Altså ikkje berre for verktøya. Av og til får du ei forklaring på kva elementet gjer, andre gonger eit tips om bruksmåtar som ikkje ligg i dagen. Desse tipsa er til nytte for dei aller fleste brukarane, men skulle du finna dei distraherande, kan du klikka vekk tipsa.

Vis hjelpknappar

Dersom du krysser av for denne, vert det sett inn ein hjelp-knapp i verktøydialogane. Denne knappen kan brukast i staden for hjelp-menyen for å opna hjelpsystemet.

Handboka

Denne nedtrekkslista lar deg velje mellom Bruk ein lokalt installert kopi og Bruk hjelp frå nettet. Sjå Del 12.2, “Hjelp”.

Hjelplesar

Vis hjelpfilene i

Hjelpfilene i GIMP er i HTML-format, altså same formatet som vanlege nettsider. Du kan lese desse filene anten i hjelplesaren som kjem saman med GIMP eller i ein vanleg nettlesar. Hjelpsidene er optimaliserte for å visast i GIMP sin hjelplesar, men stort sett så vert resultatet svært så brukbart også i vanlege nettlesarar.

[Notat] Notat

Hjelplesaren er ikkje tilgjengeleg på alle plattformene. Dersom han manglar, vert dette valet gøymd og den vanlege nettlesaren som viser nettsider vert brukt for å visa hjelpsidene.

Handlingssøk

Maksimumstorleik for loggen

Standardverdien er 100 (0 - 1000) i loggen.

Vis utilgjengelege handlingar

Når det er kryssa av her, vil eit søk på handlingar også returnere utilgjengelege handlingar.

Tøm handlingsloggen

Treng vel ikkje nærare forklaring.

1.14. Skjerm

Figur 12.15. Innstillingar for skjermen

Innstillingar for skjermen

Her kan du bestemma korleis gjennomsikt i biletet skal visast på skjermen. Dessutan kan du kalibrera oppløysinga for skjermen.


1.14.1. Innstillingar

Gjennomsikt

Visningsmåte for gjennomsikt

Til vanleg vil GIMP indikere gjennomsikt ved hjelp av sjakkbrettmønster i middels lyse fargar. Du kan her endra fargen på rutemønsteret eller sjølve rutemønsteret. I tillegg kan du velje å markere gjennomsikt med einsfarga svart, kvit eller grå.

Rutestorleik

Du kan her velje mellom små, middels eller store ruter for sjakkbrettmønsteret.

Figur 12.16. Kalibrering av skjermen

Kalibrering av skjermen

Skjermoppløysinga

Skjermoppløysinga vert målt i kor mange biletpunkt det må til for å få ein tomme (eigentleg inch) på skjermen. Oppløysinga vert målt både horisontalt (X-oppløysing) og vertikalt (Y-oppløysing). Du kan velje mellom tre metodar:

  • Hent oppløysinga frå vindaugesystemet til datamaskinen. Dette er den suverent enklaste måten, men kan vere unøyaktig.

  • Sett manuelt

  • Ved bruk av kalibreringsknappen

Dialogen for kalibrering

Dataskjermen min var mykje feil då eg prøvde ut kalibreringsdialogen. Det var gøy å spele «kalibreringsspelet». Du treng ein mjuk linjal.

1.15. Vindaugehandtering

Figur 12.17. Innstillingar for å tilpasse vindaugehandteringa

Innstillingar for å tilpasse vindaugehandteringa

Her kan du bestemma litt av korleis GIMP skal visa ulike vindauge. Ulempen er at GIMP ikkje kan behandla vindauga direkte, men må gå vegen om bilethandteraren i systemet maskinen bruker. Utsjånaden på vindauga er altså mykje styrt av om du bruker Windows, ei eller anna form for Linux eller eit anna system. Sjølv om innstillingane i denne dialogen verkar nokolunde brukbart i dei fleste systema, må du ikkje verta skuffa om dei ikkje gjer det.

1.15.1. Innstillingar

Melding til vindaugehandteraren

Plassering av verktøy- og samlevindauge

Vala du gjer her bestemmer korleis verktøykassa og vindauge som inneheld dialogar skal handterast. Du har tre val for desse:

  • Dersom du vel Normalvindauge vert dei handsama som alle andre vindauge.

  • Dersom du vel Bruksvindauge vil forminskingsknappen i tittellinja forsvinne og vindauget vil vere synleg på skjermen heile tida.

    Figur 12.18. Tittellinja i bruksvindauget

    Tittellinja i bruksvindauget

    Tittellinja i normalvindauget

    Tittellinja i bruksvindauget

    Tittellinja i eit bruksvindauge


  • Dersom du vel Alltid øvst, vil vindauget alltid ligge over andre vindauge.

Du må starta GIMP på nytt for at endringane skal verta gjeldande. Du får melding om dette.

Fokus

Aktiver biletet som har fokus

Når du fokuserer på eit biletvindauge, altså at du klikkar ein eller annan stad innføre biletramma, vert dette normalt også det aktive vindauget og såleis det vindauget som alle biletrelaterte funksjonar verkar på. Kva vindauge som har fokus, vert indikert ved at ramma skifter farge. Nokre likar å setje opp vindaugehandsamaren slik at det vindauget som musepeikaren er over også får fokus. Det er dette som skjer når du kryssar av for denne funksjonen.

Vindaugeposisjonar

Lagra vindaugeposisjonane ved avslutning

Dersom denne er avkryssa, vil du (stort sett) når du opnar GIMP få dei same dialogvindauga i dei same posisjonane på skjermen som du hadde då GIMP sist vart avslutta.

Lagra vindaugeposisjonane nå

Denne knappen vert helst brukt når valet «Lagra vindaugeposisjonane ved avslutning» ikkje er aktivert. Du kan setje opp dei ulike vindauga slik du ønskjer det, trykke på knappen og håpe på at GIMP opnar neste gong med det same oppsettet.

Tilbakestill lagra vindaugeposisjonar til standardverdiar

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje er nøgd med skjermoppsettet du har lagra, er det raskare å setje dei tilbake til normalinnstillingane enn å arrangere alt på nytt.

1.16. Biletvindauget

Figur 12.19. Generelle innstillingar for biletvindauget

Generelle innstillingar for biletvindauget

Denne dialogen vert brukt for å setje opp ein del innstillingar for oppførsla til biletvindauget.


1.16.1. Innstillingar

Generelt

Sett «Punkt for punkt» som normal

Når «Punkt for punkt» er på, vert ein piksel i biletet vist som ein piksel på skjermen dersom forstørringa er sett til 1 : 1. Når «Punkt for punkt» er slått av, vert forma på biletet vist på skjermen bestemt av X- og Y-oppløysinga i biletet. Du finn meir om dette i Del 6.21, “Skaler biletet”.

Farten til dei marsjerande maura

Kantane rundt eit utval vert markerte med ei prikkelinje som ser ut til å flytte seg rundt kanten. Dette er dei såkalla «Marsjerande maura». Dess lågare verdi du set her, dess raskare vil maura flytte seg, og altså dess meir distraherande vert linja.

Oppførsel ved endring av visinga

Endre vindaugestorleik ved endring av biletvisinga

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet når du forstørrer eller forminsker det. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Tilpass vindauget etter biletformatet

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Format ved opning

Du kan her velje om biletvindauget skal skalerast slik at heile biletet får plass i vindauget når du opnar det, eller du kan vise biletet i storleik 1 : 1. Dersom du vel den siste, og biletet er større enn skjermen, vert berre ein del av biletet vist. Du kan sjølvsagt likevel flytta rundt på biletet for å sjå resten av det.

Mellomromtasten

Medan mellomromtasten er nede
  • Panorering (normalinnstillinga),

  • Toggle to Move Tool

  • Ingenting

Musepeikar

Vis penselomriss

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil musepeikaren vise omrisset av det aktive verktøyet. Skulle det vise seg at GIMP får problem med å følgje med i penselflyuttingane dine, kan du slå av denne funksjonen.

Vis markør for teikneverktøyet

Dersom denne er avkryssa, vil musemarkøren vere synleg for teikneverktøya. Denne markøren kjem i tillegg til eventuelt penselomriss. Markørtypen bestemmer du i neste val.

Markørmodus

Dette valet har berre meining dersom det er kryssa av for Vis markør for teikneverktøyet. Du har tre val: 1. Verktøyikon, som i tillegg til markøren viser eit lite ikon som skal førestilla det aktuelle verktøyet. 2. Verktøyikon med trådkors som i tillegg til markøren også viser eit trådkors som indikerer sentrum for verktøyet. 3. Bare trådkors som viser berre trådkorset utan markøren.

Markørbiletet

Du kan her velje mellom «Fancy» som viser markøren i gråskala, eller «Svart/Kvit» som viser ein enklare markør. Dette kan auke farten på maskinen din litegrann dersom du har problem med ein saktegåande maskin.

1.17. Utsjånaden til biletvindauget

Figur 12.20. Innstillingar for biletvindauget

Innstillingar for biletvindauget

Ved hjelp av denne sida kan du tilpassa normalvisinga av biletvindauget etter eigne ønskje. Legg merke til at det er er to sett innstillingar her, eitt for normalvindauget og eit for vising på full skjerm. Alle innstillingane her kan endrast for kvart bilete ved å gå inn på Vis-menyen. Dei ulike vala er nærare forklarte i avsnittet om Biletvindauge.


Det einaste som krev forklaring her er innstillingane som er relaterte til lerretfyll. «Lerretfyll» er den fargen som vert vist rundt biletet dersom det ikkje fyller ut heile vindauget. Du kan her velje mellom å bruke fargen frå det aktuelle temaet du har vald, den lyse eller den mørke fargen som vert brukt på sjakkbrettmønsteret som representerer gjennomsikt, eller ein eigendefinert farge som du kan velje ved å bruke fargeknappen etter «Eigendefinert lerretfarge».

1.18. Tittel- og statuslinjer i biletet

Figur 12.21. Format for tittel- og statuslinjer i biletet

Format for tittel- og statuslinjer i biletet

Denne sida vert brukt for å tilpassa tekst som kjem fram på tittellinja og på statuslinja i biletvindauget. Tittellinja skal normalt verta vist over biletet, men sidan dette krev eit samarbeid med bilethandsamaren i datamaskinen, er det slett ikkje sikkert at dette alltid er tilfelle. Statuslinja skal på same måten normalt vera å finna under biletet, men heller ikkje her kan ein vere heilt sikker på at så er tilfelle. Sjå meir om dette i avsnittet om biletvindauge.


1.18.1. Velje eit format

Du kan velje mellom ein del ferdige format, eller du kan lage eit sjølv ved å skrive inn ein formatstreng. Denne formatstrengen viser alt slik du skriv det inn, unntatt variablane, som alltid byrjar med «%». Her kjem ei liste aver dei variablane du kan bruke:

Variablane Betyr
%f Namnet på biletfila, eller «Utan namn»
%F Full bane, eller «Utan namn»
%p ID-nummer for biletet (dette er unikt).
%i Visningsnummer dersom biletet har meir enn ei vising
%t Bilettype (RGB, gråskala eller indeksert)
%z Zoomfaktor i prosent
%s Skaleringsfaktor kjelde (zoomnivå= %d/%s)
%d Skaleringsfaktor mål (zoomnivå= %d/%s)
%Dx Utvid til x dersom biletet er ulagra, elles ingenting
%Cx Utvid til x dersom biletet er lagra, elles ingenting
%l Talet på lag
%L Talet på lag (lang form)
%m Minne brukt av biletet
%n Namnet på aktivt lag/kanal
%P ID for aktivt lag/kanal
%w Biletbreidde i pikslar
%W Biletbreidde i brukt måleeining
%h Bilethøgde i pikslar
%H Bilethøgde i brukt måleeining
%u Symbol for måleeining (t.d. px for piksel)
%U Forkorting for måleeining
%% Skriv ut teiknet «%»

1.19. Innstillingar for festing i biletvindauget

Figur 12.22. Innstillingar for festing i biletvindauget

Innstillingar for festing i biletvindauget

Her bestemmer du korleis festinga til biletet skal vera. Som standard er berre Fest til hjelpelinjer slått på. Du kan også velja å slå på Fest til rutenettet. Fest til lerretkanten og Fest til aktiv bane, både i normalmodus og i fullskjermmodus.

Festeavstand er kor nærme eit element må vera (i pikslar) for at festinga skal skje. Standard er 8 pikslar. Valområdet går frå 0 til 255.

1.20. Inn-einingar

Figur 12.23. Innstillingar for inneiningane

Innstillingar for inneiningane

Utvida inndatautstyr

Deler verktøy og verktøyinnstillingane mellom inneiningane

Når dette er slått på, vert dei same verktøya og verktøyinnstillingane brukte av alle inneiningane. Det vert ikkje bytt verktøy når du byter inneining.

Konfigurering av utvida inndatautstyr

Du bruker denne knappen for å setje opp, konfigurere, ekstrautsyr som er kopla til maskinen. Dette kan vere digitalt teiknebrett, MIDI-tastatur eller anna utstyr utover det som er tilkopla «normalt». For eit digitalt teiknebrett kan dialogen sjå slik ut:

Figur 12.24. Innstilling av digitalt teiknebrett

Innstilling av digitalt teiknebrett

Lagra innstillingar for inndatautstyr ved avslutning

When you check this box, GIMP remembers the tool, color, pattern, and brush you were using the last time you quit.

Lagra innstillingar for inndatautstyr nå

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Tilbakestill lagra innstillingar for inndatautstyr

Fjernar dei innstillingane du har gjort og set alt tilbake til normalinnstillingane.

1.21. Inndatastyring

Figur 12.25. Innstillingar for inndatastyring

Innstillingar for inndatastyring

Dette dialogvindauget har to rubrikkar. Til venstre Tilgjengelege kontrollarar og til høgre Aktive kontrollarar. Vindauget vert brukt for å kopla inneiningar til eller frå.

Du kan flytta eit element inn i eller ut av lista over aktive kontrollarar ved å klikka på ønskt element for å markera det, og deretter på ein av pilknappane. Når du flytter ut av rubrikken for aktive element, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan velja å fjerne elementet eller berre kopla det frå som utilgjengeleg. Når du ønskjer å leggja eit element til dei aktive kontrollarane, kjem det også fram eit dialogvindauge. Du kan her bestemme eigenskapane til elementet.

Du kan få fram det same dialogvindauget ved å dobbeltklikka på elementet eller trykke på knappen Rediger nedst i lista.

Musehjulet (Main Mouse Wheel)

Figur 12.26. Musehjulet (Main Mouse Wheel)

Musehjulet (Main Mouse Wheel)


Generelt
Avslå handlingar frå denne kontrollaren

Vert berre brukt ved feilfinding for å omdirigera utgangsdata frå denne eininga til t.d. lagring i ei fil. For å sjå verknaden av denne kommandoen, må du opna GIMP frå ein terminal eller omdirigera standard utgang til fil ved hjelp av ein «shell-kommando».

Aktiver denne kontrollaren

Dette valet må vere merkt dersom du ønskjer å legge nye hendingar til musehjulet.

Musehjulhendingar

Til venstre i rullevindauget er moglege hendingar for musehjulet opplista. Til høgre dei tilhøyrande handlingane. Knappane Rediger og Slett vert brukte for å nettopp redigere eller slette den markerte hendinga og handlinga knytt til denne.

Noen av hendingane er ikkje knytt til ei handling. Dei er kanskje lista opp for framtidig bruk eller som eksempel. I alle fall verkar dei ikkje.

Vel hending knytt til handling

Trykker du på knappen Rediger etter at du har markert ei hending, vil dette opna følgjende dialogvindauge:

Figur 12.27. Vel hendingshandling for kontrollen

Vel hendingshandling for kontrollen

Dersom det finst ei handling for denne hendinga, vert vindauget opna på denne. Elles vil vindauget visa gruppene med moglege hendingar. Klikk på ei hending for å gjere ho aktiv.

Tastaturet (Main Keyboard)

Denne dialogen vert brukt på same måten som dialogen for musehjulet. Handlingane vert relaterte til piltastane, eventuelt i kombinasjon med kontrolltastane.

Figur 12.28. Tastaturet (Main Keyboard)

Tastaturet (Main Keyboard)

[Notat] Notat

Du kan finne eit eksempel på bruk av desse omgrepa i Del 9, “Å variere penselbreidda”.

1.22. Mapper

Figur 12.29. Dialog for val av mapper

Dialog for val av mapper

Her kan du bestemma plasseringa av av to viktige mapper som GIMP bruker som mellomlager for filer. Du kan forandre mappene ved å skrive inn fullstendig bane og mappenamn, eller du kan leite deg fram ved å trykke ellipseknappen til høgre for namnet. I kapitlet Datamapper finn du meir om korleis du kan tilpassa andre mapper for bruk i GIMP.

Mapper

Mappe for mellombels filer

Denne mappa vert brukt for mellombels (temporære) filer. Dette er filer som vert brukte for å lagra arbeidsdata og vert sletta når det ikkje er bruk for dei meir. Til vanleg treng ikkje desse filene så mykje plass. Dersom du ikkje har forandra på det, vert desse filene plasserte i undermappa tmp i den private katalogen din. Skulle denne harddisken vere overfylt eller ha andre problem med å fungera skikkeleg, kan du flytte desse filene til ein annan katalog eller ein annan harddisk. Det einaste kravet er at mappene må eksistera og at du har full tilgang til dei.

Mellomlagringsmappe

Denne mappa vert brukt som eit «mellomlager» når mengda av data og bilete opna i GIMP overgår det som er tilgjengeleg i maskinminnet (RAM). Dette kan skje dersom du arbeider med store bilete eller bilete med mange biletlag. Har du mange bilete opne samstundes, vil også dette kreve mykje minneplass. Som andre program for biletbehandling, er også GIMP storforbrukar av RAM. Normalt vert desse filene lagra i den private mappa di, men dersom du har ein annan harddisk med betre plass tilgjengheleg, kan du bytte til denne. Det einaste kravet er at mappene må eksistera og at du har full tilgang til dei.

1.23. Datamapper

Figur 12.30. Innstillingar: Penselmapper

Innstillingar: Penselmapper

GIMP bruker mange ulike resursar, som t.d. penslar, fargeovergangar og mønsterelement. Sjølv om det følgjer med mange utgåver av desse når du installerer GIMP, kan du likevel legge til utgåver du lagar sjølv eller får tak i på andre måtar. Kvar av desse har ei innstillingsside der du kan setje opp søkebanen for kvar einskild resurs. Det er denne søkebanen GIMP bruker for å kunne henta inn dei aktuelle resursane automatisk ved oppstart. Sidan alle desse sidene er nokså like kvarandre, har vi vald å bruke sida for penslane som eksempel.

I utgangspunktet inneheld kvar søkebane to mapper. Ei system-mappe der penslane eller kva det måtte vere som kjem saman med GIMP vert lagt inn. I tillegg er det også ei personleg mappe der alt det du lagar sjølv vert plassert. For ikkje å gjere forandringar i systemmappa ved eit uhell, skal denne ikkje merkast som «skrivbar». Du bør heller ikkje gjere andre forsøk på å endra innhaldet i mappa. Derimot må den personlege, eller private, mappa di vere open for å kunne skrivast til, elles får du ikkje lagra tinga dine.

Du kan tilpassa søkevegen med knappane øvst i dialogvindauget.

Innstillingar

Vel ei mappe

Klikk på ei av mappene for å gjere denne til den som funksjonane du ønskjer å utføre skal verka på.

Legg til/bytt mappe

Dersom du skriv mappenamnet i innskrivingsruta eller finn fram til ei mappe ved hjelp av filveljarknappen heilt til høgre, og deretter klikkar på den venstre knappen, vert den nye mappa sett inn i staden for den merkte mappa. Dersom ingen mapper er merkte, vert mappa lagt til i lista. Er lampesymbolet framføre mappenamnet raudt i staden for grønt, betyr dette at mappa ikkje finst. Sidan GIMP ikkje vil lage mappa for deg, må du gjere dette sjølv.

Flytt opp/ned

Innlastinga av mappene skjer i den rekkefølgja dei er vist i lista. Du kan såleis påverka dette ved å flytte filene opp eller ned med pilene øvst i dialogvindauget.

Fjern mappa

Klikk på søppeldunken for å fjerna den markerte mappa frå søkelista. Sjølve mappa vert ikkje fjerna, berre plasseringa på lista. Det er ingen god ide å fjerne systemmappa, men ingenting hindrar deg i å gjere det.