Innhald
Eit filter er eit spesialverktøy utforma for å hente eit biletlag eller eit bilete, utføre diverse matematiske operasjonar på det og returnere resultatet i ei modifisert form. I GIMP finst det ein heil del filter som kan brukast for å laga nesten uendeleg mange effektar. Dette kapitlet forklarer desse filtra og viser også ein del eksempel på korleis dei kan brukast.
Filtra er delt opp i fleire kategoriar:
Dei fleste av filtra har ei førehandsvising slik at du kan sjå verknaden av filteret før du eventuelt overfører det til biletet. (Dette er avhengig av at valet «Førehandsvising» er aktivert).
Figur 16.1. Menyen for førehandsvising
Dersom du høgreklikkar på førehandsvisinga, vil det dukka opp ein meny der du kan bestemma korleis gjennomsiktige område skal visast.