Filteret ruller inn eit hjørne på det aktive laget eller utvalet. Det blir opna eit nytt «innrullingslag» i biletet og ein ny alfakanal. Den delen av innrullingslaget som ikkje er med i effekten blir gjennomsiktig slik at det underliggande laget blir synleg der hjørnet er rulla inn.
Du kan velje kva hjørne som skal ha innrullinga: Øvre, venstre, Øvre, høgre, Nedre, venstre eller Nedre, høgre.
Her bestemmer du kva kant innrullinga skal føregå frå, Horisontal eller Vertikal.
Dette er skyggen på innsida av innrullinga.
Instillinga gjeld den ytre delen av hjørnet.
Denne glidebrytaren bestemmer dekkevna til innrullinga, altså kor synleg biletet under bretten skal bli. Du kan også bestemme dekkevna i lagdialogen om det passar betre.