Dette filteret lager eit neonskiltliknande objekt i alfakanalen for det aktive laget og legg om ønskjeleg til skygge.
Filteret, som er avleidd frå skriptet «neon» (
→ → → i biletmenyen), lagar ein tekst som kan minne om lysreklame:Filteret bruker to lag for å oppnå neoneffekten:
Laget «Neon Tubes» er det gjeldande laget filteret er kopla til. Innhaldet i laget er ikkje viktig, bare alfakanalen og spesielt forma på denne.
Åtvaring | |
---|---|
Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget. |
Laget «Neon Glow» nedanfor inneheld gløden i neonlyset.
Dersom det skal leggast til skygge, blir denne lagt inn i eit eige lag nedanfor. Dette laget inneheld ein slagskygge med same form som alfakanalen til det aktive laget. Heilt nedst blir det lagt til eit bakgrunnslag fylt med bakgrunnsfargen.
Oversyn over laga i neonfilteret:
Dette er eigentleg skrifthøgda brukt i Script-Fu skriptet neon. Ein del interne verdiar blir bestemt ut frå denne verdien, så som breidda på neonrøyret, skyggeforskyvinga og sløringsradius. Eit godt utgangspunkt kan vere å velje høgda på objektet som verdi her.
Denne fargen blir brukt for å fylle laget «Background». Fargen er førehandssett til svart, men du kan velje kva farge du vil med å trykke på fargeknappen.
Dette er fargen på dei glødande neonrøyra. Farge er sett til neonliknande blå (38,211,255). Også her kan du klikke på fargeknappen for å velje annan farge.
Er denne merka av, vil det bli laga ein slagskygge med same form som alfakanalen. Bakgrunnsfargen er normalt svart, men dersom su ikkje skal fjerne bakgrunnslaget seinare, bør du vurdere å bruke ein annan bakgrunnsfarge.