Dette filteret bytter ut ein piksel med ein annan piksel tilfeldig vald frå ei 3 × 3 piksel rute med den aktuelle pikselen i sentrum. Også den aktuelle pikselen kan bli vald. Alle, eller bare ein del av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet blir påverka av filteret, avhengig av innstillinga på glidebrytaren Slumpmengde (%).
Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer til ein viss grad kor tilfeldig filteret skal arbeide. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna heller er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vil også resultatet bli eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen .
Er det merka av for Slump, blir innskrivinga av frø sperra. I staden blir det generert eit nytt frø kvar gong du køyrer filteret. Er det ikkje kryssa av for dette valet, vil filteret bruke det innskrivne frøet kvar gong.
Glidebrytaren
bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal bli påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar bli forandra.Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen.