Filteret
fyller det valde området eller alfakanalen med eit mønster som kan likne det du finn på kretskorta («printbretta») inne i elektronisk utsyr. Resultatet kan ofte forbetrast ved å legge eit fargeovergangslag over mønsterlaget.Dersom biletet er indeksert, er dette menyinnslaget gråa ut og utilgjengeleg.
Notat | |
---|---|
Filteret lagar eit gråtonebilete i RGB-modus. Resultatbiletet er uavhengig av originalbiletet. |
Denne effekten blir laga gjennom følgjande steg:
Filteret køyrer først filteret labyrint med 5 pikslar brei strek og kantane sett med den såkalla «depth first» algoritmen. Mønsteret for labyrinten blir sett ut frå verdien i Startverdi i kretskortmenyen.
Labyrinten blir deretter teikna over med filteret oljemaling med penselbreidda bestemt av maskestorleik.
Det neste steget er å forsterke kantane på den oljeutsmørte labyrinten med filteret kantar med utglattingsverdien sett til 2,0.
Til slutt blir biletet avmetta til gråfargar i RGB-modus.
Tips | |
---|---|
Effekten ser ut til å bli best på ulikeforma utval, truleg på grunn av avgrensingar i formlane som blir brukte for å lage labyrinten. |
Denne innstillinga blir brukt til å setje verdien for filteret oljemaling i pikslar frå 3 til 50. Normalverdien er 17. Større verdiar gjer strekane meir utydelege.
Startverdien er ein verdi frå 1 til 3 000 000 som blir brukt for å lage eit tilfeldig frø. Normalverdien er 3.
Er denne avmerka, vil mørke område av teikninga bli gjennomsiktige slik at bakgrunnsbiletet er synleg gjennom desse hola. Valet Del laga må vere avkryssa for at denne funksjonen skal verke. Valet er normalt ikkje avmerka.
Dersom biletet inneheld eit aktivt utval når filteret blir kalla opp, kan du velje å bruke dette utvalet. Dette er også normalinnstillinga
Når det er avmerka for denne funksjonen, som er normalinnstillinga, vil filteret opne eit nytt lag og teikne på dette. Er funksjonen ikkje avmerka, vil kretskortet bli teikna på det aktive laget.