Dette filteret blir brukt for å fjerne loddrette striper som t.d. kan ha oppstått på grunn av ein feil ved skannaren. Filteret legg til eit biletmønster som interfererer med biletet og fjerner stripene dersom det er råd å finne ei brukbar innstilling. Det negative biletmønsteret blir rekna ut frå loddrette element i biletet, så ikkje bli overraska om filteret lager nye striper i eit bilete som eigentleg er utan striper. Verknaden av filteret er i tillegg til innstillinga for Breidde også sterkt avhengig av innhaldet i biletet. Studer eksemplet ovanfor.
Blir ikkje resultatet slik du hadde håpt på, bruk angrefunksjonen og prøv med ny innstilling. Ikkje kast bort tid med å køyre filteret omigjen. Dette fører (nesten) alltid til dårlegare resultat. Er det bare er ein liten del av biletet som har uønskte striper, kan du prøve å markere bare stripene og køyre filteret på utvalet.
If checked, parameter setting results are interactively displayed in preview. Scroll bars allow you to move around the image.
Dette er eit «histogram» som viser eit tydelegare bilete av interferensmønsteret.
Her kan du bestemme «styrken» på filteret (2-100). Som oftast vil du få best resultat med ei breidde på opp til 40. Verdiar over 60 gir som oftast eit ubrukeleg resultat.