Dette filteret arbeider med to bilete, kjeldebiletet og målbiletet. Kjeldebiletet må ha bare eitt lag, vere i gråskala og utan alfakanal. Dette biletet blir brukt som utvalsmaske og blir brukt som mønster for utskjeringseffekten. Biletet som det skal skjerast ut i, målbiletet, må ha eitt enkelt biletlag i RGB-format eller gråskala. Dette biletet må ha nøyaktig same format som sjablongbiletet.
Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Tips | |
---|---|
Dersom kommandoen er gråa ut sjølv om biletet er i gråskala, kan det vere fordi biletet har alfakanal. Fjern denne. |
Her vel du kva bilete som effekten av utskjeringa skal verka på. Nedtrekkslista vil vise alle opna bilete.
Denne innstillinga er normalt aktivert og gjer at sjablongen verkar slik som nemnd ovanfor. Dersom denne ikkje er aktivert, vil filteret bruke det inverterte biletet som mønster. Eksempel:
I ekseplet nedanfor er kjelda eit bilete i gråskala medan målet er eit bilete med tremønster.
Til venstre: Det er kryssa av for Skjer ut kvite område. Pikslane i målbiletet som tilsvarer kvite pikslar i mønsteret (rundt teksten) er utskore. Resultatet er tekst i relieff.
Til høgre: Det er ikkje kryssa av for Skjer ut kvite område. Pikslane i målbiletet som tilsvarer svarte pikslar i mønsteret (rundt teksten) er utskore. Resultatet er ein uthola tekst.
Du kan finne meir informasjon om dei ulike laga dette filteret bruker i [GROKKING].