13.14. Sinus

13.14.1. Oversyn

Figur 16.311. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «sinus»


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterSinus

Dette filteret lager ein bølgjeforma tekstur som kan minne om fuktig silke, eller kan hende årringar i polert tre.

Du kan bestemma kva for to fargar som skal brukast i mønsteret. I tillegg kan du bestemma kor høge og breie bølgjene skal vere og kor komplekst mønsteret skal lagast.

13.14.2. Innstillingar

Figur 16.312. Innstillingane for filteret «Sinus»

Innstillingane for filteret «Sinus»

Fanen «Innstillingar»
X- og Y-skalering

Desse kontrollane blir brukte til å bestemma kor store bølgjene skal bli. Små verdiar vil strekke ut bølgjene maksimalt, medan høge verdiar vil presse mønsteret saman.

Kompleksitet

Denne kontrollen styrer kor mykje mønsteret skal utbroderast og kor mykje fargane skal påverka kvarandre. Små verdiar lager eit enkelt, harmonisk mønster, medan store verdiar gir meir komplekse mønster.

Tilfeldig frø

Eit «frø» er det talet filteret bruker som utgangspunkt for å lage tilfeldige tal. Det same frøet vil, dersom tilhøva er dei same, gi same mønsteret. Du kan skrive inn frø direkte, eller du kan trykke Nytt frø for å lage eit nytt, tilfeldig frø.

Dersom det er kryssa av for Slump er det ikkje råd å skrive inn nye frø. I staden blir det generert eit tilfeldig frø kvar gong filteret blir aktivert. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil programmet bruke same frøet som blei brukt sist.

Tvungen flislegging?

Dersom denne er avkryssa, vil filteret lage eit mønster som kan brukast som flislegging. Dette er særleg aktuelt som bakgrunn i nettsider.

Ideell/Fordreid

Eit ideelt bilete er meire regelrett enn eit fordreid bilete, som er ein del deformert i høve til det ideelle.

Fanen «Fargar»

Figur 16.313. Innstillingane i fanen «Fargar»

Innstillingane i fanen «Fargar»

Fargar

Dette filteret bruke bare to fargar. I denne fanen vel du om desse skal vere svart og kvit, for- og bakgrunnsfargane i verktøykassa eller eigendefinerte. Med glidebrytarane Alfakanalar kan du bestemma dekkevna for kvar av fargane. Desse brytarane er gråa ut dersom laget ikkje har alfakanal.

Fanen «Bland»

Figur 16.314. Innstillingane i fanen «Bland»

Innstillingane i fanen «Bland»

Fargeovergang

Du kan her velje mellom tre ulike måtar for å bestemma utsjånaden til bølgjene: Lineær, Bilineær eller Sinusforma.

Eksponent:

Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemma kva for ein av fargane som skal vere den dominerande, og kor mykje han skal dominera. Set du glidebrytaren heilt til venstre, på -7,5 vil den venstre fargen dominere totalt. Med verdien 7,5 vil den høgre fargen dominere alt. Er brytaren ein stad mellom desse ytterpunkta, vil dominansen vere fordelt tilsvarande.