11.2. Legg til fasettkant

11.2.1. Oversyn

Figur 16.213. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet. Det farga rektangelet er utvald

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Legg til fasettkant»


Dette filteret lagar ein fasettkant rundt eit utvald område i biletet ved hjelp av avbilding (sjå nedanfor). Dersom biletet ikkje inneheld eit utvald område, har filteret ingen verknad.

Figur 16.214. Eksempel på bruk av filteret, med avbilding

Eksempel på bruk av filteret, med avbilding

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret, med avbilding

Humpkartet

Eksempel på bruk av filteret, med avbilding

Eksempel på bruk av filteret


11.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterDekorLegg til fasettkant

11.2.3. Innstillingar

Figur 16.215. Innstillingane for filteret «Legg til fasettkant»

Innstillingane for filteret «Legg til fasettkant»

Breidde

Du bestemmer her breidda på kanten. Største breidda er 30 pikslar.

Arbeid på kopi

Til vanleg vil filteret lage ein kopi av biletet og lage fasettkantane på denne kopien. Dersom du meiner du får for mange opne vindauge på skjermen din, kan du kople ut denne funksjonen og arbeide på originalbiletet.

Behald humplaget

Når det er merka av for dette valet, vil det genererte avbildingslaget bli lagt inn som eit nytt, ikkje synleg lag: