Dette filteret legg fargeovergangar og mønsterelement til alfakanalen. Det kan leggast inn ein lett 3D-effekt ved hjelp av avbilding frå eit ruglekart. Filtret kan også legge til slagskygge.
Notat | |
---|---|
I beskrivinga vil vi her bruke alfa som ei forkorting for det området av det aktive laget som blir definert av dei ugjennomsiktige pikslane. Du kan sjå på det som eit «utval av det som er synleg». Å legge ein effekt «til alfa» betyr altså å legge denne effekten til alle dei synlege pikslane i det aktive laget. |
Filteret, som er avleidd frå skriptet «Glinsande» (
→ → → i biletmenyen), lager ein glinsande logo når det blir brukt med normalinnstillingane.Dette filteret er aktivt bare dersom det aktive laget har alfakanal.
Åtvaring | |
---|---|
Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget. |
I normalinnstillinga vil filteret fylle alfa med ein fargeovergang. Klikkar du på biletet av fargeovergangen, vil dette opna ein enkel fargeovergangsdialog der du kan velje fargeovergang. «Tekst» refererer til logoen «Glinsande», og er meiningslaus her.
Dersom Reverser fargeovergangen for omrisset er aktivert, vil fargeovergangen bli sett inn nedanfrå og oppover i staden for som normalt, ovanfrå og opp.
Dersom det er merka av for Bruk mønster i staden for fargeovergang på teksten, vil alfa bli fylt med eit mønsterelement. Du kan opne ein mønsterdialog ved å klikke på knappen . Førehandsvisinga til venstre for knappen vil vise det mønsteret som er aktivt.
Dette er breidda på ei form for ramme som blir laga ved å kopiere alfa til eit nytt lag og deretter forstørre kopien. (Sjå meir om dette nedanfor).
Desse spesifiserer kva for fargeovergang eller mønsterelement som skal brukast på omrisset dersom dei aktuelle vala er aktiverte.
Når denne er aktivert, vil originalen i staden for den forstørra kopien av alfa bli fylt med det valde mønsterelementet med modus sett til «overlegg». Mønsteret blir fletta saman med det førre mønsteret eller fargeovergangen.
Også her kan du opne ein mønsterdialog ved å klikke på knappen .
Dette valet gjer ingen ting. Filteret vil alltid legge til eit ruglekart.
Dette er fargen på det bakgrunnslaget som filteret legg til biletet. Klikk på knappen for å få opp fargeveljaren.
Filteret vil legge til ein slagskygge dersom det er ønskjeleg. Skyggen kan forskyvast X-forskyving pikslar mot høgre og Y-forskyving nedover. Dette kan forstørre biletet, medan bakgrunnslaget vil ha same formatet som det aktive laget.
Alle innstillingane kan gi inntrykk av at dette er eit svært komplisert filter. Eigentleg er det nokså enkelt. Den interessante delen er korleis filteret handterer det aktive laget og omrisslaget:
Filteret oppretter eit utval frå alfakanalen og fyller utvalet med ein fargeovergang eller eit mønsterelement.
Det blir deretter laga eit «omrisslag» under det aktive laget på same måten: Først blir alfa i det aktive laget brukt for å lage eit utval. Før utvalet blir fylt med ein fargeovergang eller eit mønsterelement blir det forstørra med Omrisstorleik pikslar.
Om du fyller begge laga med med den same fargeovergangen eller mønsterelementet, vil det likevel bli laga eit «omriss» fordi
det blir lagt til ein 3D-effekt ved hjelp av eit avbildingskart og fordi
lagmodus for det aktive laget blir sett til «skjerm».
Det siste (valfrie) steget er å fylle omrisset med eit mønster med modus sett til «overlegg». Dette vil kombinere det nye mønsteret med det tidlegare brukte mønsteret eller fargeovergangen. Du kan finne meir om ulike modus i Del 2, «Lagmodus».