Dette er filter som kan vere til hjelp for å optimalisere animasjonane ved å redusere filstorleiken. Eitt av filtra blir brukt for å køyre animasjonar. Sidan dei er så like kvarandre, har vi slått saman omtalen av filtra «Optimer (Differanse)» og «Optimer (GIF)».
Figur 16.336. Eksempel på bruk av filteret
I denne animasjonen går den raude ballen på skrå nedover forbi ein del loddrette søyler. Filstorleik 600 Kb.
Optimer (Differanse): Laga inneheld bare den delen som blir brukt for å skjule spora etter kula. Resten er gjennomsiktige. Filstorleik: 153 Kb.
Optimer (GIF): Laga inneheld bare den rekatangulære delen som blir brukt for å skjule spora etter kula. Resten er gjennomsiktige. Filstorleik: 154 Kb, altså lite grann større enn førre eksemplet. Lagstorleiken er likevel redusert.
Ein animasjon kan innehalde mange biletlag, noe som kan gi svært store filer. Dette kan vere irriterande i nettsider. Optimeringsfilteret vil redusere filene utan at det går ut over animasjonen. Dette blir gjort ved at alle elementa som går igjen i alle laga bare blir lagra i eitt lag. Bare det som er forandra i kvart lag blir lagra.
GIMP inneheld to optimiseringsfilter: Optimiser (Differanse) og Optimiser (GIF). Sluttresultatet blir nokså nær det same for begge filtra.