Dette filteret legg til ein «predator»-effekt i biletet. Effekten har opphavet sitt i predator-filmane og skal etterlikne måten predatoren ser omverda på i desse filmane, dvs. ei form for termogram eller liknande. Filteret reduserer biletet til ei form for relieff med noen få basisfargar på ein mørk bakgrunn.
Dersom det er eit aktivt utval i biletet, vil filteret arbeide på dette, elles vil det arbeide på alfakanalen i biletet. Filteret legg til alfakanal dersom denne manglar. Effekten gjer seg best på fargerike bilete i RGB-format.
«Predator» bruker filteret sobelrelieff for å finne og markere brå fargeovergangar, kantar, i biletet. Verdien du vel for kantmengde blir overført til dette filteret. Dess høgare verdi, dess fleire kantar blir markerte.
Dersom dette valet er aktivisert, vil filteret pikseliser bli brukt for å bygge opp biletet av mange einsfarga kvadrat før predatoreffekten blir tilført. Storleiken på desse kvadrata har stor innverknad på det ferdige biletet, og blir bestemt med kontrollen Pikselmengde. Sjå eksempla nedanfor.
Dette er storleiken på fargeblokkene som biletet blir forenkla til dersom Pikseliser er aktivisert. Det som eigentleg skjer er at biletoppløysinga blir sterkt redusert, noe du kan sjå i eksempla nedanfor.
Dersom det er merka av for denne, vil det aktive utvalet eller, dersom det ikkje finst utval i biletet, det aktive laget vere aktivt også etter at filteret er brukt.
Dette valet gjer at filteret vil arbeide på ein kopi av det aktive laget. Det opphavlege laget blir uforandra. Dersom dette valet ikkje er aktivisert, vil filteret arbeide på det aktive laget.
Sidan dette filteret bruker to eller tre andre filter for å utføre dei fleste oppgåvene, er prosedyren svært enkel:
Originalbiletet
Eventuelt vil filteret pikselisere biletet ved å teikne biletet med større eller mindre fargeblokker i staden for pikslar. Dette vil redusere biletoppløysinga.
Fargane blir reduserte til reint raudt, reint grønt og reint blått og eventuelt grått ved å bruke kanalen minimal RGB for kvar piksel.
Ved å bruke filteret sobelrelieff blir biletet redusert endå meir, som oftast med færre fargar på ein mørk bakgrunn.