5.7. Slagskygge

5.7.1. Oversyn

Figur 16.108. Eksempel på bruk av filteret «slagskygge»

Eksempel på bruk av filteret «slagskygge»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «slagskygge»

Eksempel på bruk av filteret. Det kvite bakgrunnslaget er lagt til manuelt.


Dette filteret legg ein slagskygge til det gjeldande utvalet eller til heile biletet dersom det ikkje er noe utval. Dersom det er nødvendig, vil filteret gjere biletet større for å få plass til skyggen.

Du kan velje farge, retning og storleik på skyggen.

Bakgrunnslaget som filteret oppretter er gjennomsiktig utanom skyggen. For å gjere skyggen synleg, kan du eventuelt legge til eit kvitt lag under skyggelaget.

5.7.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeSlagskygge

5.7.3. Innstillingar

Figur 16.109. Innstillingane for filteret «slagskygge»

Innstillingane for filteret «slagskygge»

Forskyv X, Forskyv Y

Desse boksane bestemmer kor mange pikslar skyggelaget skal flyttast horisontalt (forskyv X) og vertikalt (forskyv Y). Store tal vil gi lange skyggar, medan små tal gir korte skyggar.

Forskyvinga kan også vere negativ. Med X < 0 blir skyggen flytt mot venstre og med Y < 0 oppover.

Dersom det ikkje er noe aktivt utval i biletet må Tillat endring av storleik vere aktivisert for at skyggen skal bli synleg.

Sløringsradius

Skyggen vil bli gjort utydeleg med gaussisk sløring med radius spesifisert i denne ruta. Dette gjer skyggen meir realistisk. Sidan sløringa utvidar skyggen, kan det vere nødvendig å ha aktivert Tillat endring av storleik for å sjå effekten fullt ut.

Farge

Dette er skyggefargen. Klikk på knappen og vel ein høveleg farge.

Figur 16.110. Eksempel på bruk av farge i filteret «slagskygge»

Eksempel på bruk av farge i filteret «slagskygge»

Dekkevne

Dette det same som å setje dekkevna for det laget som inneheld skyggen. Dekkevna bestemmer kor gjennomsiktig skyggen skal vere. (Sjå om dekkevne i Del 1.1, «Eigenskapar for laga»). Normalinnstillinga er 80 %, men du kan bruke heile skalaen frå 0 % (full gjennomsikt) til 100 % (full dekkevne). Etter at filteret er lagt til i biletet kan du også regulera dekkevna for skyggelaget i lagdialogen.

Tillat endring av storleik

Dersom dette valet er aktivisert vil filteret gjere biletet større dersom dette er nødvendig for å få plass til skyggen. Kor stort biletet blir, er avhengig av forma på utvalet, sløringsradius og forskyvinga av skyggen.