4.10. Avistrykk

4.10.1. Oversyn

Figur 16.57. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Avistrykk»


Dette filteret rasterer biletet og gir ein effekt ikkje ulik den som blei brukt på avisbilete. Difor namnet. Rastering er ein prosess der bilete med mange ulike fargar blir omforma slik at dei kan trykkast på maskiner med få fargar og likevel sjå tilnærma ut som originalen.

Det grunnleggande i denne prosesse er å minska oppløysinga for å oppnå ein tilsynelatande betre fargedjupn. (Såkalla «spatiell utjamning» ).

Det er mange måtar å gjere dette på. Den enklaste er rett og slett å fjerna dei minst viktige informasjonane om tonestyrke, slik verktøyet posterisering gjer det. Denne metoden gir ikkje alltid like godt resultat, men biletoppløysinga blir i alle fall uendra.

Dette filteret bruker ein metode som går ut på å redusera biletoppløysinga ved å omforma biletceller til større eller mindre punkt, avhengig av intensiteten punktet skal representere.

Tenk deg at det blir lagt eit rutenett over biletet. Dette rutenettet vil dele biletet opp i celler som kvar inneheld eit fargepunkt sett saman av gjennomsnittet av pikslane i cella. Storleiken på cella blir bestemt ut frå intensiteten i originalbiletet.

Dersom desse cellene er store, vil dette sjølvsagt føre til merkbar dårlegare oppløysing i biletet. Punkta i cellene er som oftast frå først av sirklar, men blir meir rombeforma når dei blir større. Denne endringa av utsjånaden kan kontrollerast med kontrollen Punktfunksjon som styrer utsjånaden på punkta når dei skifter frå svart til kvit.

4.10.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarAvistrykk

4.10.3. Innstillingar

Figur 16.58. Innstillingane for filteret «Avistrykk»

Innstillingane for filteret «Avistrykk»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Førehandsvisinga viser bare ein del av biletet dersom biletet inneheld eit utval. (Gjeld ikkje alle oppsett). Ikkje bruk førehandsvisinga aktivt dersom datamaskinen jobbar sakte.

Oppløysing

Denne gruppa kontrollerer cellestorleiken, anten ved å setje cellestorleiken direkte eller ved å setje inn verdiar for oppløysinga for inngang og utgang.

Inngangs-SPI

«SPI» er eit mål for oppløysing. (Forkorting for det engelske «Samples Per Inch»). Denne verdien blir sett automatisk ut frå oppløysinga til originalbiletet.

Utgangs-LPI

«LPI» er eit anna mål for oppløysing. (Forkorting for det engelske «Lines Per Inch»). Her kan du setje ønskt oppløysing for utgangen, dvs. det ferdige biletet.

Cellestorleik

Cellestorleiken i pikslar. Denne blir oftast sett her i staden for å bruke verdi for utgang eller inngang..

Skjerm
Separer til RGB, CMYK, Intensitet

Her bestemmer du kva for fargemodell biletet skal lagast i. I RGB-modus blir biletet ikkje forandra. Vel du CMYK vil biletet først bli omforma til CMYK, deretter blir kvar fargekanal gjort om til halvtoner og endeleg sett saman igjen til eit RGB-bilete. Desse omformingane skjer internt i filteret. I modus Intensitet blir biletet omforma internt i filteret til gråskala, halvtoner, og resultatet blir brukt som ein alfakanal for inngangsbiletet. Denne metoden kan gi ein del spesielle effektar, men krev ein del eksperimentering. Er du usikker på kva metode du skal velje, er det sikraste å byrja med CMYK.

Svartmengde (%)

Kor mykje K (svart) skal brukast når biletet blir konvertert frå RGB til CMYK?

Lås kanalane

Gjer at endringane blir gjort gjeldande for alle kanalane.

Fabrikkinnstillingar

Set alle innstillingane tilbake til utgangspunktet.

Vinkel

Dette er rastervinkelen, eller vinkelen på «rutenettet», for denne kanalen.

Punktfunksjon

Her bestemmer du kva form punkta skal ha for denne kanalen. Sjå førehandsvisinga i dei blå celleboksane.

Kantutjamning

Kantutjamninga blir ikkje brukt, og er heller ikkje nødvendig i og med at føremålet er å redusera fargedjupna. Denne funksjonen er likevel lagt inn for å lage spesielle effektar dersom biletet skal visast på skjermen i staden for som papirutskrift. Legg du til lite grann kantutjamning, vil dette kunne simulere t.d. uklare blekkutskrifter. Ønskjer du å skrive ut eit bilete som har kantutjamning, sett utjamningsgraden til 1, dvs. avslått.

Utjamningsgrad

Bestemmer kor mange subpikslar som skal brukast for kantutjamninga. Sett til 1 for å kopla frå denne funksjonen. Skriv du inn høge tal her, kan dette føre til at datamaskinen bruker svært lang tid på operasjonen.

4.10.4. Eksempel

Figur 16.59. Her er eit eksempel frå forfattaren si samling:

Her er eit eksempel frå forfattaren si samling:

Eit eksempel laga av programutviklaren