13.3. Plasma

13.3.1. Oversyn

Figur 16.277. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Plasma»


Dette filteret lager fargerike skyer som kan brukast som tekstur eller bakgrunn. Den einaste kontrollen i filteret, utanom knappen for nytt forsøk, er ein glidebrytar som styrer turbolensen i figuren.

[Notat] Notat

Plasma2 er ei meir avansert utgåve av dette filteret, med fleire innstillingar. Filteret er tilgjengeleg frå [PLUGIN-PLASMA2].

13.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarSkyerPlasma

13.3.3. Innstillingar

Figur 16.278. Innstillingane for filteret «Plasma»

Innstillingane for filteret «Plasma»

Tilfeldig frø

Til vanleg trykker du bare på knappen Nytt frø for å lage eit nytt mønster. Skulle du ha behov for å generere det same mønsteret fleire gonger, skriv du det same talet i ruta for Tilfeldig frø og trykker Enter.

Turbulens

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor komplekse skyene skal verre. Eit høgt tal gir harde skyer noe liknande oljemaling, medan eit lågt tal gir mjukare skyer som kan minne om røyk eller damp.