Filteret forvrenger biletet eller utvalet på ein konsentrisk måte, dvs. sirklar utover frå eit sentrum.
«Vri» lager om biletet til noe liknande straumkvervelen som kan oppstå når du tømmer badekaret. Roteringsvinkelen må i tilfelle vere ulik null.
«Vreng», utan rotasjon, verkar omlag som om du har fest biletet på eit stykke mjuk gummi og bøyer og strekker denne gummibiten. Dersom Vrengingsmengda er negativ, vil biletoverflata sjå ut som ho sveller oppover, medan ein positiv verdi resulterer i ei biletflate som blir trykt ned ovanfrå.
Tips | |
---|---|
Effekten av «Vreng» kan av og til kompensere for forvrengingar i bilete tatt med tele- eller fiskeaugeobjektiv. |
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Kontrollerer kor mange grader den påverka delen av biletet skal roterast, frå -360,0° til 360,0°. Negativ verdi betyr vriing med klokka, positiv verdi vriing mot klokka.
Bestemmer kor mykje den påverka delen av biletet skal knipast. Verdi -1 til +1.
Bestemmer breidda (0,0 - 2,0) på effekten og altså kor stort område av biletet som skal bli påverka. Ein radius på 2,0 vil gå heilt ut til biletkanten, medan ein radius på 1,0 vil føre til at halve biletet blir forandra. Ein radius på 0 betyr at biletet blir uforandra.