14.4. Del opp

14.4.1. Oversyn

Figur 16.334. Eksempel på bruk av filteret «Del opp»

Eksempel på bruk av filteret «Del opp»

Originalbiletet med hjelpelinjer

Eksempel på bruk av filteret «Del opp»

Eksempel på bruk av filteret «Del opp»


Dette filteret vil dele biletet opp i klikkbare område som kan brukast som lenker i HTML-filer. Filteret deler opp biletet i småbilete langs dei vassrette og loddrette hjelpelinjene, på same måten som filteret giljotin gjer det. Samstundes blir dei nye biletdelene lagt inn i kvar si celle i ein tabell. Nødvendig HTML-kode for tabellen blir lagra som tekstfil som kan føyast til HTML-dokumentet. Du må ha installert Python for at dette filteret skal vere tilgjengeleg.

Filteret er ein svært enkel hjelpar. Typisk HTML-kode laga av dette filteret kan sjå slik ut:

Døme 16.1. Eksempel på kode laga av filtert «Del opp»

<table cellpadding="0" border="0" cellspacing="0">
  <tr>
    <td><img alt="" src="slice_0_0.png"/></td>
    <td><img alt="" src="slice_0_1.png"/></td>
  </tr>
  <tr>
    <td><img alt="" src="slice_1_0.png"/></td>
    <td><img alt="" src="slice_1_1.png"/></td>
  </tr>
</table>
        

Ferdig HTML-kode. Attributta for «style» er fjerna.


Filteret gjer ingenting dersom biletet ikkje inneheld hjelpelinjer. Derimot betyr det ingenting om hjelpelinjene er sjulte.

[Tips] Tips

Filteret Biletkart er eit mykje kraftigare og meir sofistikert verktøy for å lage klikkbare bilete, men er også meir komplisert.

14.4.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterNettsiderDel opp. Filteret er skrive i Python, så du må ha Python-Fu installert for at dette filteret skal vere tilgjengeleg.

14.4.3. Innstillingar

Figur 16.335. Innstillingane for filteret «Del opp»

Innstillingane for filteret «Del opp»

Dei fleste innstillingane er sjølvforklarande, men for å vere på den sikre sida:

Adresse for HTML-eksport

Bestemmer kvar HTML-fila og biletfila skal lagrast. Normalen er i den gjeldande arbeidmappa. Klikk på knappen til høgre for å få fram nedtrekksmenyen med gjeldande adresser.

Filnamn for eksport

Namnet på HTML-fila. Du kan endre namnet i innskrivingsboksen.

Biletnamnet

Biletfila som filteret lagar får namnet prefix_i_k.ext der du kan forandra prefix-delen ved hjelp av innskrivingsboksen til høgre. Normalt er dette kalla slice. i og k er rad- og kolonnenummeret for biletet, begge byrjar med 0. .ext er avhengig av kva Biletformat du har vald.

Denne funksjonen er spesielt nyttig når du ønskjer å lage JavaScript for onmouseover o.l. med ulike bilete.

Biletformat

Du kan lage bilete i filformataGIF, JPG eller PNG.

Separat biletmappe; Mappe for eksport av bilete

Dersom Separat biletmappe er aktivert, vil det bli oppretta ei ekstra biletmappe for bileta. Normalt blir denne mappa kalla images men du kan endre dette i tekstboksenMappe for eksport av bilete.

Døme 16.2. Med separat biletmappe

Med «Separat biletmappe» aktivert


Avstand mellom tabellelementa

Denne verdien (0-15) blir brukt som «cellspacing» i HTML-tabellen. Resultatet er synleg ved at dei vassrette og loddrette hjelpelinjene blir erstatta av striper med den spesifiserte avstanden:

Døme 16.3. Avstand mellom tabellelementa

Tilhøyrande HTML-kode


Biletet blir ikkje forstørra for å gi plass til stripene. Effekten minner meir om at du har laga stripene med viskelêret

Javascript for «onmouseover» og «clicked»

Når denne er aktivert, vil filteret legge til nødvendig JavaScriptkode. Heller ikkje denne koden kan stå åleine, men er eit godt utgangspunkt når du ønskjer å legge noen dynamiske funksjonar til nettsida. Eit døme på JavaScript som handterer «onmouseover»:

Døme 16.4. Kodesnutt i JavaScript

function exchange (image, images_array_name, event)
  {
    name = image.name;
    images = eval (images_array_name);

    switch (event)
      {
        case 0:
          image.src = images[name + "_plain"].src;
          break;
        case 1:
          image.src = images[name + "_hover"].src;
          break;
        case 2:
          image.src = images[name + "_clicked"].src;
          break;
        case 3:
          image.src = images[name + "_hover"].src;
          break;
      }
  }
              

Ikkje aktiver tabellramma

Når denne ikkje er aktivert, vil filteret lage ei hyperlenke (<a href="#"> ... </a>) for alle tabellcellene. Med dette valet aktivert, som er det normale, vil det ikkje bli lagt inn hyperlenke for den første og den siste cella i ei rad eller kolonne dersom det er minst to hjelpelinjer i kvar retning. Dette for å unngå at også biletramma blir ei klikkbar lenke.

Døme 16.5. Tabellramma ikkje aktivert (forenkla HTML-kode)

<table cellpadding="0" border="0" cellspacing="0">
  <tr>
    <td><img alt="" src="images/slice_0_0.png"/></td>
    <td><img alt="" src="images/slice_0_1.png"/></td>
    <td><img alt="" src="images/slice_0_2.png"/></td>
    <td><img alt="" src="images/slice_0_3.png"/></td>
  </tr>
  <tr>
    <td><img alt="" src="images/slice_1_0.png"/></td>
    <td><a href="#"><img alt="" src="images/slice_1_1.png"/></a></td>
    <td><a href="#"><img alt="" src="images/slice_1_2.png"/></a></td>
    <td><img alt="" src="images/slice_1_3.png"/></td>
  </tr>
  <tr>
    <td><img alt="" src="images/slice_2_0.png"/></td>
    <td><img alt="" src="images/slice_2_1.png"/></td>
    <td><img alt="" src="images/slice_2_2.png"/></td>
    <td><img alt="" src="images/slice_2_3.png"/></td>
  </tr>
</table>
              

Bare dei innerste cellene har (tomme) hyperlenker