Figur 16.62. Eksempel på bruk av filteret
Originalbiletet
Eksempel på bruk av filteret «Polarkoordinat»
Dette filteret omformar biletet til ei kvadratisk eller sirkulær form, eller ein eller annan overgang mellom desse.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Denne glidebrytaren bestemmer forma på omforminga, frå 0 %, som gir eit rektangel, til 100 % som blir ein sirkel.
Denne glidebrytaren bestemmer på ein skala frå 0° til 359° om biletet skal roterast med klokka, og i tilfelle kor mykje.
Gjer at teikninga av effekten byrjar frå høgre i staden for frå venstre.
Dersom denne er markert, vil topprada i biletet bli flytt til midten av biletet og botnrada bli lagt til kanten av figuren. Dersom denne ikkje er markert, vil botnrada i biletet bli flytt til midten av biletet og topprada bli lagt til kanten.
Dersom denne er avmerka, vil biletet bli teikna i ein sirkel. Er denne ikkje avmerka, blir biletet teikna sirkulært i eit rektangel.