Dette filteret legg ein fargeovergangseffekt med skygge og bakgrunn til alfalaget i det aktive laget.
Åtvaring | |
---|---|
Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget. |
Filteret, som er utvikla frå skriptet «Basisk I» (
→ → → i biletmenyen), teiknar den ønskte teksten over bakgrunnen med ein fargeovergangseffekt og slagskygge:Du kan reprodusere effekten ved å bruke blandeverktøyet med desse innstillingane:
Modus: Multipliser
Fargeovergang: FG til BG (RGB) der forgrunnen er kvit og bakgrunnen svart
Forskyving: 20
Form: Radial
Utjamning: Avkryssa
Denne fargen blir brukt til å fylle bakgrunnslaget laga av filteret. Forvalet er sett til kvit, men du kan klikke på fargeruta for å velje ein annan farge.
Namnet skriv seg frå det originale logoskriptet. I filteret blir denne fargen, som er forvald til blå (6,6,206), brukt for å farge inn alfakanalen før fargeovergangseffekten blir lagt til.