3.4. Støvfjernar

3.4.1. Oversyn

Dette filteret blir helst brukt for å fjerne støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerne moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du bruker filteret.

3.4.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForbetraStøvfjernar

3.4.3. Innstillingar

Figur 16.22. Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Førehandsvising

If checked, parameter setting results are interactively displayed in preview.

Median
Tilpassande

Dersom denne er aktivert, blir radius bestemt ut frå eit histogram. Glidebrytaren Radius er i så tilfelle ikkje aktiv. Denne innstillinga gir som oftast eit betre resultat enn å bruke radius åleine.

Rekursiv

Dersom denne er avmerka, blir filteret køyrd fleire gonger for å forsterka verknaden.

Radius

Her bestemmer du kor stort område filteret skal verke på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Etter som vindauget flytter seg over biletet blir fargane i det glatta ut. Dette kan føre til at småfeil forsvinn.

Svartnivå

Fjerner pikslar som er mørkare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).

Kvitnivå

Fjerner pikslar som er lysare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).