16.8. Kuflekkar

16.8.1. Oversyn

Figur 16.355. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «kuflekkar»


Dette filteret fyller alfakanalen for det aktive laget med eit mønster som kan minne om ei droplete ku («kuflekkar»).

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret fyller alfakanalen med massiv støy:

... og maksimerer kontrasten:

Filteret legg også til eit lag medsløring og bruker dette laget som lysegrå skyggar og som strukturkart. Til slutt blir det (i normalinnstillinga) lagt til eit kvitt bakgrunnslag nedst.

Filteret vil ende opp med desse laga: [18]

16.8.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoKuflekkar

16.8.3. Innstillingar

Figur 16.356. Innstillingane for filteret «Kuflekkar»

Innstillingane for filteret «Kuflekkar»

Flekktettleik X; Flekktettleik Y

Den horisontale (x) og den vertikale (y) flekktettleiken blir brukt av filteret massiv støy som verdiar for X-storleik og Y-storleik. Området går difor frå 1 til 16. Høge verdiar resulterer i mange flekkar, låge verdiar i få flekkar.

Figur 16.357. Eksempel på «Flekktettleik»

Eksempel på «Flekktettleik»

Maksimal X-tettleik, minimal Y-tettleik

Eksempel på «Flekktettleik»

Maksimal Y-tettleik, minimal X-tettleik


Bakgrunnsfarge

Dette er fargen for «bakgrunnen». Normalinnstillinga er kvit, men du kan klikke fargeknappen for å få opp fargedialogen og legge inn kva farge du ønskjer.



[18] Dersom det aktive laget ikkje er topplaget, kan det hende filteret rotar til laga. Du må i tilfelle løfte det aktive laget.