Dette filteret er eigentleg eit enkelt teikneverktøy som kan brukast for å teikne geometriske figurar på biletet. Filteret er nokså komplekst, men kanskje vil denne rettleiinga hjelpe deg noe på veg.
Filteret legg alle nye element i eit nytt biletlag. Resten av biletet blir ikkje forandra.
Øvst i vindauget finn du ei rad med ikon som representerer dei tilgjengelege funksjonane. Held du musepeikaren over eitt av ikona, vil det dukke opp ein forklarande tekst.
Den venstre delen av verktøylinja inneheld funksjonar som blir brukte for å teikne ulike figurar. Du aktiverer dei ved å klikke på ønskt funksjon. Du har valet mellom følgjande funksjonar:
Linje: Dette verktøyet blir brukt for å teikne rette linjer. Klikk på førehandsvisinga for å markere startpunktet og dra musepeikaren til endepunktet. Linja blir teikna når du slepp opp .
Sirkel: Dette verktøyet blir brukt for å teikne sirklar. Klikk på førehandsvisinga for å markere sentrum i sirkelen og dra musepeikaren til ønskt radius. Sirkelen blir teikna når du slepp opp .
Ellipse: Dette verktøyet blir brukt for å teikne ellipsar. Klikk på førehandsvisinga for å markere sentrum og dra musepeikaren til ønskt form og storleik. Ellipsa blir teikna når du slepp opp .
Boge: Dette verktøyet blir brukt for å teikne bogar. Klikk på førehandsvisinga for å markere startpunktet. Flytt musepeikaren og klikk der du ønskjer midtpunktet i kurva. Endeleg klikkar du der slutten av bogen skal vere. Filteret vil nå lage ein boge gjennom desse tre punkta.
Regulær mangekant: Dette verktøyet blir brukt for å teikne polygon (mangekantar). Først går du til Verktøyinnstillingar, som kjem fram når du klikkar på verktøyet, og bestemmer kor mange Sider figuren skal ha. Klikk på førehandsvisinga for å markere midtpunktet i figuren og dra musepeikaren til ønskt storleik. Mangekanten blir teikna når du slepp opp .
Stjerne: Dette verktøyet blir brukt for å teikne stjerner. Først går du til Verktøyinnstillingar, som kjem fram når du klikkar på verktøyet, og bestemmer kor mange Sider (strålar) figuren skal ha. Klikk på førehandsvisinga for å markere midtpunktet i figuren og dra musepeikaren til ønskt storleik og plassering. Stjerna blir teikna når du slepp opp .
Spiral: Dette verktøyet blir brukt for å teikne stjerner. Først går du til Verktøyinnstillingar, som kjem fram når du klikkar på verktøyet, og bestemmer kor mange Sider (omdreiingar) spiralen skal ha og kva Orientering (rotasjonsretningen) som skal brukast. Klikk på førehandsvisinga for å markere midtpunktet i figuren og dra musepeikaren til ønskt storleik. Spiralen blir teikna når du slepp opp .
Bézierkurve: Dette verktøyet blir brukt for å teikne bézierkurver. Klikk på førehandsvisinga for å markere startpunktet og dei andre punkta som styrer kurva. Når du er ferdig, hald nede Shift-tasten medan du klikkar for å avslutta kurvelaginga. Kurva blir teikna når du slepp opp .
I den midtre delen av verktøylinja finn du ein del verktøy for å påverka det teikna objektet:
Flytt (objekt): Dette verktøyet blir brukt for å flytte det aktive objektet. For å aktivere eit objekt, klikkar du på eit av kontrollpunkta for objektet.
Flytt (punkt): Dette verktøyet blir brukt for å flytte eit kontrollpunkt i det aktive objektet. Klikk på punktet og dra det til ønskt posisjon.
Kopier: Dette verktøyet blir brukt for å kopiere eit objekt. Klikk på eit av kontrollpunkta i objektet og dra kopien til ønskt posisjon.
Fjern: Dette verktøyet blir brukt for å slette eit objekt. Klikk på eit av kontrollpunkta i objektet du ønskjer å ta bort.
Vel eit objekt: Dette verktøyet blir brukt for å aktivere eit objekt. Klikk på eit av kontrollpunkta i objektet du ønskjer å aktivere.
I den høgre delen av verktøylinja, eventuelt i nedtrekkslista, finn du ein del verktøy for å innrette objekta:
Hev/senk vald objekt: Desse verktøy blir brukte for å heve eller senke eit objekt i visinga.
Hev/senk vald objekt til toppen/botnen: Desse verktøya blir brukte for å flytte eit objekt til øvst eller nedst i visinga.
Nedtrekkslista i verktøylinja har noen fleire funksjonar:
Tilbake/Framover: Trykk på eit av desse ikona for å gå eitt steg bakover eller framover i visingslista. Bare det valde objektet er synleg.
Vis alle objekta: Har du brukt dei førre menyvala, kan du få fram alle objekta igjen ved å trykke på dette menyvalet.
I dette området kan du lage og forandre objekt:
I dette området kan du arbeide på objekta på mange ulike måtar.
Dersom verktøyet har innstillingar som du kan forandre på, vil dei dukke opp i dette området. Elles får du meldinga «Verktøyet har ingen innstillingar».
Dersom det er merka for denne funksjonen, vil objektet bli streka opp med den fargen du har vald ved å trykka i
, og den penseltypen du har vald ved eventuelt å trykka på for å få fram penselveljaren.Ved hjelp av denne nedtrekkslista kan du bestemma om objektet skal fyllast, og i tilfelle om det skal fyllast med ein farge, eit mønster eller ein fargeovergang («Gradient fill»).
Marker denne dersom du ønskjer å legge eit rutenett over førehandsvisinga for å lette arbeidet med å plassera objekta.
Dersom det er markert for denne, vil objektet blir retta inn etter rutenettet.
Dersom denne er markert, vil det aktive biletet bli vist i førehandsvisinga. Er denne ikkje markert, vil det bli vist ei einsfarga kvit flate. Heller ikkje strøkfarge og penseltype er synleg.