Dette lager ein persienneeffekt med horisontale eller vertikale lamellar.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Her bestemmer du retninga for lamellane, Horisontal eller Vertikal.
Lamellane får same fargen som bakgrunnsfargen vist i verktøykassa. Valet Gjennomsiktig gjer lamellane gjennomsiktige. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom biletet har alfakanal,.
Du kan vri lamellane frå 1° (smal) til 90° (full breidde).
Bestemmer kor mange lamellar det skal vere i persiennen.