Dette filteret teiknar eit rutenett på biletet. Du kan bestemma linjebreidde
, avstand
, forskyving
og ulike fargar for linjene og krysningspunkta for linjene. I utgangspunktet bruker filteret forgrunnsfargen i verktøykassa som linjefarge.
Tips | |
---|---|
Dersom du set linjebreidda til 0, vil bare krysspunkta vere synlege som små kryss. |
Du kan setje verdiane for dei vassrette og loddrette linjene og for krysspunkta kvar for seg. Normalt er innstillingane for linjene låste saman for å gi eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkesymbolet for å opna låsen og t.d. bruke ulike fargar på linjene.
For noen av innstillingane kan du velje måleeiningar i nedtrekksmenyen.
Bestemmer breidda på streken linjene eller symbola i krysspunkta blir teikna med.
Dette bestemmer avstanden mellom linjene i rutenettet. For Krysspunkta bestemmer dette parameteret kor stor del av innerdelen av krossen som skal vere utan farge.
Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne. For krysspunkta bestemmer dette parameteret armlengda på krossane.
Dersom du klikkar i desse boksane, vil du opna for ein fargeveljar som kan brukast for å bestemma fargen på linjene i rutenettet og for krysspunkta.