Filteret simulerer effekten av å lyse opp deler av biletet med opp til 6 lyskastarar. Filteret lager ingen skyggar, og kan heller ikkje brukast til å få fram detaljar i mørke område.
Når det er merka av for Interaktiv, blir innstillingane viste etter kvart i førehandsvisinga utan å påverka det endelege biletet. Filteret blir overført til biletet først når du trykker på OK-lnappen.
Dersom Interaktiv ikkje er avmerka, blir innstillingane synlege i miniatyren først når du trykker på knappen Oppdater. Denne innstillinga er stort sett bare aktuell dersom biletbehandlinga av ein eller annan grunn går merkbart tregt på datamaskinen du bruker.
Dei andre innstillingane er lagt i faner:
Lager alle svarte punkta i biletet gjennomsiktige. (Alle avbildingar med verdi 0, dvs. svart, blir sett til gjennomsiktige).
Lager ein kopi av biletet når filteret blir lagt til i biletet.
Dette er normalinnstillinga, men kan slåast av dersom datamaskinen av ein eller annan grunn arbeider sakte.
Denne innstillinga bestemmer kor langt effekten skal gå ut frå midten av bilete. Skyvebrytaren går frå 0,0 til 2,0.
I denne fanen kan du setje parametra separat for kvar av lyskastarane Lys 1 … Lys 6.
Filteret har fleire lystypar i ei nedtrekksliste:
Viser eit blått punkt på førehandsvisinga. Du kan dra dette punktet dit du ønskjer.
Det blå punktet er lenka til sentrum av førehandsvisinga med ei tynn linje for å vise retninga på lyset.
Sløkker denne lampa.
Klikk på fargeruta for å få fram ein fargedialog som kan brukast til å velje lysfarge.
Blir brukt for å bestemma lysstyrken.
I staden for å posisjonere lyspunktet med musepeikaren, kan du skrive inn koordinata i dei tre rutene i eit tredimensjonalt koordinatsystem. X for horisontal posisjon, Y for vertikal posisjon og Z for avstand frå biletet til lyskjelda. Hugs at lysmengda avtar når avstanden aukar.
Også retningen frå lyskjelda til midten av biletet blir bestemt i eit tredimensjonalt koordinatsystem, med dei tre aksane X, Y og Z.
Når lampa er isolert, lyser denne åleine. Dei andre lysa er sløkte. Kan vere nyttig for å finjustere lyskastaren.
Har du kome fram til noen vellukka innstillingar, kan du lagra desse ved å trykke på knappen
for å hente dei inn igjen seinare ved å trykke på knappen . Begge knappane opnar høvelege dialogvindauge for handlinga.Innstillingane her gjeld ikkje lyskastarane men det lyset som blir reflektert frå objekta i biletet.
Små kuler i kvar ende av innskrivingsboksane representerer handlinga for kvar innstilling. Hjelpteksten som dukkar opp når du held musepeikaren over innskrivingsboksen er nok til meir nytte enn kulene.
Her stiller du inn kor mykje originalfarge som skal visast der det ikkje fell direktelys frå lyskastaren.
Her stiller du inn intensiteten til originalfargen når han blir opplyst av lyskastaren.
Her stiller du inn intensiteten til høglysa.
Her stiller du inn glansen i høglysa.
Aktiver denne for å gi metallglans i overflatene.
I denne fanen kan du setje opp filteret slik at det gir relieffverknad i biletet. Sjå meir om dette i ordlista under Avbilding .
Når dette valet er aktivert, vil lyse område i biletet sjå ut som dei er framheva medan mørke punkt ser ut til å vere tilbaketrekte. Verknaden er avhengig av plasseringa av lyskjelda.
Her kan du opna gråskalabiletet som skal brukast som strukturkart. Du finn meir om dette i avbilding frå kart.
Her bestemmer du kva metode som skal brukast for avbildinga. Høgda på humpane er ein funksjon av den valde kurven. Du kan velje mellom Lineær, Logaritmisk, Sinusforma og kuleforma.
Dette er den tilsynelatande høgda på uthevingane i relieffet.
Med denne kontrollen aktiverer du omgivnadskoplinga og dei tilhøyrande eigenskapane:
Her kan du opna kva for bilete eller lag eller utval i biletet som skal brukast som grunnlag for koplinga. Biletet må vere opna med GIMP på førehand og vere i RGB-modus.
Du kan finne eit eksempel på [BUDIG01].