8.4. Erodér

8.4.1. Oversyn

Figur 16.157. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Eroder»


Dette filteret utvidar og forsterkar lyse område i det aktive laget eller det aktive utvalet.

Kvar piksel i biletet blir sett til den høgaste verdien av dei 8 nabopikslane (i ei 3 × 3 matrise). Dette betyr at det blir lagt til lyse pikslar rundt lyse område. Ein isolert lys piksel på ein lysare bakgrunn vil forsvinne heilt, medan eit større, lyst område vil bli utvida med ein piksel i alle retningar.

På komplekse bilete vil lyse område bli utvida og forsterka og svakt «pikselert».

Filteret kan generere støy på ein einsfarga bakgrunn:

Figur 16.158. Eksempel på bruk av filteret «eroder»

Eksempel på bruk av filteret «eroder»


8.4.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterGenereltEroder