Figur 16.188. Eksempel på bruk av filteret
Originalbiletet
Eksempel på bruk av filteret «oljemaling»
Som namnet indikerer, gjer dette filteret at biletet blir nokså likt eit oljemaleri. Du kan bestemma kor stor pensel filteret skal bruke med kommandoen Penselbreidde.
![]() |
Tips |
---|---|
Ønskjer du meir kontroll med korleis «oljemalieriet» skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar. |
Med denne glidebrytaren bestemmer du kor grov pensel du vil bruke. Ein brei pensel gir ein meir «maleriliknande» utsjånad.
Bruk kart for maskestorleik blir brukt for å bestemme varierande maskestorleik. Storleiken blir redusert i høve til kor mørk tilsvarande piksel er i mønsterbiletet (kartet). Du kan velje mellom alle opne bilete med same storleik som kjeldebiletet.
Eksponenten bestemmer dekkevna for penselen som lager dei oljeaktige stroka.
Bruk eksponentkart blir brukt for å bestemme varierande dekkevne for penselstroka. Dekkevna blir redusert i høve til kor mørk tilsvarande piksel er i mønsterbiletet. Du kan velje mellom alle opne bilete med same storleik som kjeldebiletet.
Intensitetsalgoritmen blir brukt for å gjerebiletdetaljane og fargane meir likt originalbiletet.