Dette filteret flytter pikslane i det aktive laget eller utvalet i høve til forandringane i grånivåa i eit forskyvingskart. Pikslar som samsvarar med kartområde der det skjer store endringar i grånivåa blir flytte langt av stad, medan einsfarga område i kartet ikkje har noen verknad på pikslane i biletet.
Det er mogleg å verne deler av biletet mot å bli påverka av filteret.
Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ → . Filteret har ikkje førejandsvising.Grunnleggande innstillingar
Her bestemmer du kor mykje pikslane skal forskyvast for kvar filtergjennomgang. Verdien 10 er nødvendig for å få ei forskyving på 1 piksel. Ein negativ verdi vil føre til at forskyvinga blir i motsett retning i høve til normalen.
Her bestemmer du kor mange gonger filterfunksjonen skal utførast.
På grunn av forflyttingane kan ein del område bli utan pikslar. Denne seksjonen bestemmer kva som skal gjerast med dei tomme områda. Du har fire val:
Bryt: Dette er normalinnstillinga. Pikslane som forsvinn over biletkanten vil dukke opp på motsett side.
Smør ut: Dei tomme plassane blir fylt med kopiar av dei omkringliggande pikslane.
Svart: Dei tomme plassane blir fylt med svart.
Forgrunnsfarge: Dei ledige plassane blir fylt med forgrunnsfargen som er sett i verktøykassa.
Denne nedtrekkslista inneheld alle bileta som var opna då filteret blei aktivert og som har same format som biletet filteret blei opna frå. Filteret bruker gråverdiane i kartet, så det er enklare å førutsjå verknadane av kartet dersom det er i gråskala.
Avanserte innstillingar
Etter at pikslane er forflytta, vil denne innstillinga spreie pikslane tilfeldig utover og gi korning i biletet. Dess høgare tal, dess tynnare korn.
Denne bestemmer retninga pikslane skal flyttast i høve til retninga på fargeovergangen. Dei tidlegare eksempla er laga med ein vertikal fargeovergang og ein vinkel på 90°. Dermed er pikslane flytt horisontalt og ingenting er flytt utanfor biletkantane. Her er eit eksempel der vinkelen er sett til 10° og med seks gjennomkøyringar:
I tillegg til forskyvingskartet kan du også bruke eit Vektleggingskart. Som andre avbildingskart bør også dette vere i gråskala, og må vere like stort som biletet du opna filteret frå. For å kome med i lista, må biletet vere opna då du aktiverte filteret.
Meir avanserte innstillingar
I dette avsnittet kan du legge til to nye kart, eit overgangskart og eit vektorkart.
Notat | |
---|---|
For å prøve ut desse innstillingane åleine, må dei andre karta vere einsfarga. |
Også overgangskartet er i gråtoner. I denne funksjonen blir flyttinga av pikslane bestemt ut frå retninga til fargeovergangane i kartet. Kor mykje variasjonane i kartet skal påverka flyttinga blir bestemt i ruta Overgangsskala. I eksemplet nedanfor vil du sjå at biletet er blitt noe uskarpt. Dette kjem av at filteret arbeider på heile biletet i kvar gjennomkøyring, ikkje bare på det raude objektet.
Med dette kartet er forflyttinga avhengig av vinkelen du set i boksen Vinkel. 0° tilsvarar rett opp. Vektorforstørring bestemmer kor mange pikslar biletet blir flytt i kvar gjennomkøyring.