4.19. Vind

4.19.1. Oversyn

Figur 16.86. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Vind»


Dette filteret kan brukast til å lage fartssløring, eller som eit generell sløringsfilter. Det som er karakteristisk for dette filteret, er at det finn kantar i biletet og «bles» ut tynne striper frå desse kantane. Sidan det er kantane som blir mest sløra når du fotograferer raske rørsler, kan dette filteret også brukast for å gi ein illusjon av rørsle.

4.19.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarVind

4.19.3. Innstillingar

Figur 16.87. Innstillingane for filteret «Vind»

Innstillingane for filteret «Vind»

Glidebrytaren Styrke bestemmer styrken på vinden. I tilleg kan du velje mellom to vindstilar, Vind og Blåst. Glidebrytaren Grenseverdi bestemmer kor mange fartsstriper det skal bli i biletet.

Sjølv om du bare har to vindretningar å velje mellom, kan du i tillegg bestemme kva kant av objektet som skal påverkast, anten i lo («leiande») eller i le («hengande»). Fartstripene frå vindsida er lyse, medan stripene frå le side er mørke.

Det er dette biletet som er utgangspunktet i eksempla som viser filtereffekten:

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Stil
Vind

I og med at denne innstillinga gir tynne linjer, vil dette vere det rette valet for å lage fartsstriper.

Blåst

Denne gir tykkare strekar, og kan minne om utblåsingae etter ein eksplosjon.

Retning

Du kan velje om vinden skal kome frå venstre eller frå høgre.

Påverka kant
Leiande

Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender mot vinden. Stripene vil såleis gå inn over biletobjektet og dra med seg fargane frå objektet.

Fartsstriper

Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender frå vinden. Stripene vil såleis gå bort frå biletobjektet.

Begge

Kombinerer begge effektane.

Grenseverdi

Denne glidebrytaren bestemmer grensa for kva filteret skal oppfatta som ein kant i biletet. Dess høgare verdi dess færre kantar vil bli oppdaga.

Styrke

Høgare verdiar forsterkar effekten.