Innhald
GIMP har ei omfangsrik verktøykasse som gjer det lett å skifta mellom dei ulike verktøya, anten det nå er å gjera utval eller å teikna banar. Alle verktøya brukte i GIMP er forklarte i dette kapitlet.
(Berre sånn i tilfelle du skulle vere nysgjerrig: I GIMP-sjargongen, og i andre program for bilethandsaming, er «verktøy» ein måte å handsama eit bilete på som krev tilgang til biletvisinga utover det å flytte peikaren rundt om på biletflata, eller på ein interaktiv måte kan visa resultata av endringane du har gjort med biletet. Dersom du i staden tenkjer på verktøy som meir av typen sag, og på biletet som eit trestykke, vil du likevel ikkje vera så heilt ute av leia.)
Notat | |
---|---|
Du finn eit oversyn over verktøykassa og komponentane der i Hovudvindauge: Verktøykassa. |
GIMP har eit godt utval av verktøy for å utføre ulike oppgåver. Desse verktøya kan delast inn i fem grupper:
Utvalsverktøya som vert brukte for å markera kva område av biletet det kan arbeidast på.
Teikneverktøya som vert brukte for å endra fargane i delar av biletet.
Transformeringsverktøya vert brukte for å endra geometrien for biletet.
Fargeverktøya som vert brukte for å endra fargane i biletet.
Andre verktøy er dei verktøya som ikkje passar inn i dei andre gruppene.
Frå og med GIMP-2.10.18 kan verktøyikona grupperast og dette alternativet er slått på som standard. Verktøygrupper er merkte med ein liten mørk trekant nedst til høgre på ikonet. Gruppeikonet som vert vist er det første ikonet i gruppa. Høgreklikk på gruppeikonet for å visa lista over verktøya i gruppa.
Du kan få den tidlegare visinga tilbake ved å fjerna merket for Bruk verktøygrupper i Del 1.13, «Verktøykassa».
Dei fleste verktøya kan du aktivera ved å klikka på eit symbol inne i verktøykassa. I normaloppsettet kan fargeverktøya (og nokre få andre verktøy) berre nåast frå menyane. Då anten frå
eller frå → . Alle verktøya er også tilgjengelege anten frå menyen eller ved hjelp av ulike tastekombinasjonar (snartastar).I standardoppsettet, som vert oppretta når GIMP vert opna første gongen, vert det ikkje vist ikon for alle verktøya i verktøykassa: Fargeverktøya er utelate. Du kan tilpassa kva verktøy som skal visast i verktøykassa i fana Grensesnitt → Verktøykassa i Brukarinnstillingane.
Det er to grunnar til at du kanskje vil gjera dette: For det første, viss du sjeldan brukar eit verktøy, kan det vera lettare å finna verktøya du vil ha viss det distraherande ikonet er fjerna. For det andre, viss du brukar fargeverktøya mykje, kan det henda du tykkjer det er praktisk å ha ikona for dei lett tilgjengelege. Uansett, uavhengig av verktøykassa, kan du alltid få tilgang til alle verktøya når som helst ved å bruka
-menyen frå ei biletmenylinje.Når musemarkøren er over eit bilete, vil utsjånaden på markøren forandra seg etter kva verktøy som er i bruk. Kva utsjånad dei ulike verktøymarkørane får vert bestemt i innstillingane i
+ → → → ).Her kan du sjå kva fargar som er i bruk, både forgrunns- og bakgrunnsfarge. Det er desse fargane GIMP brukar for å teikna, fylla eller kva du nå vel å gjera. Klikkar du på ein av fargane, kjem det fram eit fargekart som du kan velja farge frå.
Klikkar du på dette vesle symbolet vert forgrunnsfargen sett til kvit og bakgrunnsfargen til svart. Du kan trykkja tasten D for å oppnå det same.
Klikkar du på den bøygde streken med pilspissar i kvar ende, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane byta plass.
Tips | |
---|---|
Du kan klikke og dra ein av desse fargane direkte inn i eit lag og fylle heile laget med fargen. |
Her kan du sjå kva pensel, mønsterelement og fargeovergang som er i bruk. Klikk på kvar av dei for å få opp eit dialogvindauge der du kan gjera endringar i innstillingane.
Her vert det vist ein miniatyr av det biletet som for tida er aktivert dersom det er merkt av for «vis aktivt bilete» i [7] for å lagra biletet.
→ → . Klikk på dette biletet for å opna «biletdialogen» som viser kva for bilete som er tilgjengelege. Dette kan vere nyttig dersom du har mange bilete på skjermen. Du kan også klikka og dra miniatyren til ein tilgjengeleg XDS-filhandsamarAlle verktøya i GIMP har eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del innstillingar for verktøyet. Dersom du ikkje har forandra normalinnstillingane for GIMP, vil dette innstillingsvindauget dukke opp når du klikkar på eit verktøysymbol. Har du fjerna dette dialogvindauget, bør du sterkt vurdera å setje det opp igjen. Det er vanskeleg å utnytta eit verktøy fullt ut utan å kunne tilpassa innstillingane.
Tips | |
---|---|
Dialogvindauget for verktøyinnstillingane ligg normalt like under verktøykassa. Dersom du fjernar dette dialogvindauget på ein eller annan måte, kan du få det tilbake ved å opprette det på nytt via menyen Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel»). → → og lime det inn på plassen under verktøykassa. (Du finn meir om dette i |
Kvart verktøy har sine eigne innstillingar som varer heilt til du endrar dei, uavhengig om du skifter til nytt bilete eller om du avsluttar GIMP og startar på nytt igjen. Dette kan av og til verke litt frustrerande, særleg dersom verktøyet oppfører seg merkeleg, og du har gløymt at du gjorde nokre uvanlege innstillingar nettopp på dette verktøyet for to veker sidan.
Nedst i vindauget for verktøyinnstillingane finn du fire knappar:
Med denne knappen kan du lagra innstillingane for det gjeldande verktøyet slik at du kan henta dei fram seinare. Knappen opnar Del 5.1, «Dialogvindauget for verktøyforvala» slik at du kan gje forvalet eit namn. Når du gjenopprettar innstillingane, vert berre dei forvala som er lagra for det aktive verktøyet viste. Difor treng du ikkje ta med verktøynamnet når du gjev innstillingane eit namn.
Med denne knappen kan du henta fram igjen dei tidlegare lagra innstillingane for det aktive verktøyet. Dersom det ikkje er lagra nokre innstillingar, vil denne knappen vere inaktiv. Dersom det derimot finst tidlegare lagra innstillingar, vil det dukka opp ei liste som du kan velje i.
Med denne knappen kan du slette tidlegare lagra innstillingar. Dersom det ikkje er lagra nokre innstillingar, vil denne knappen vere inaktiv. Dersom det derimot finst tidlegare lagra innstillingar, vil det dukka opp ei liste som du kan velje i.
Denne knappen tilbakestiller alternativa for det aktive verktøyet til standardverdiane. Viss du held nede Shift-tasten medan du trykkjer på Tilbakestill-knappen, vert alternativa for alle verktøya tilbakestilte til standardverdiane.
I tillegg til kommandoane for knappane ovanfor, har fana for verktøyinnstillingar ein ekstra undermeny:
Denne undermenyen viser ei liste over alle forvala for det aktive verktøyet. Denne lista kan du redigera. Vel du eitt av forvala, vert Rediger verktøyforvala opna med forvala for det gjeldande verktøya. Du kan redigera forvala dine her, men ikkje dei som kjem saman med GIMP.
Nedanfor vil vi forklara samhandlinga mellom glidebrytarane og musehjulet.
Alternativglidebrytarane har endra seg med GIMP-2.10.18: Glideknappar som til vanleg vert brukte i GEGL-baserte filter og verktøyalternativ har no ein kompakt stil som standard: dei tek mykje mindre plass loddrett og har ein mykje forbetra oppførsel. Du kan bruka fleire modifikatorar med anten venstreklikk eller musehjulrulling:
Venstre-klikk + dra endrar verdien med ei standardauking.
Shift + venstreklikk + dra (eller høgreklikk + dra) endrar verdien med mindre steg.
Ctrl + venstreklikk + dra endrar verdien med større steg.
Her er full referanse:
Du kan altså grovjustere innstillinga på den øvre delen og deretter finjustere på den nedre delen av brytaren.
Verdiområdet i glidebrytaren fungerer som ein tekstredigerar: der kan du redigera verdien eller skriva inn ein ny verdi direkte.
I nokre tilfelle kan du faktisk dra peikaren utføre verktøydialogvindauget. Såleis kan du dra glidebrytaren for storleik, som har ein maksverdi på 10.000, tvers over heile skjermen.
Når du brukar verktøy, kan du bruka rullehjulet på datamusa i kombinasjon med ulike modifikatorar for å gjera nyttige ting med verktøyalternativa til det valde verktøyet:
Alt + musehjul: auk/minsk dekkevne
Shift + Primær + Musehjul: auk/minsk sideforholdet
Shift + Alt + Musehjul: auk/minsk vinkel
Primær + Alt + Musehjul: auk/minsk storleik
Shift + Primær + Alt + Musehjul: auk/minsk mellomrom
Merk: Primærmodifikatoren er som oftast Ctrl eller Cmd, avhengig av kva operativsystem du brukar.