4.6. Skalering

Figur 14.134. Symbolet for «skaleringsverktøyet» i verktøykassa

Symbolet for «skaleringsverktøyet» i verktøykassa

4.6.1. Oversyn

Dette verktøyet vert brukt til å skalere, dvs. å forstørre eller forminske lag, utval eller banar.

Når du klikkar på biletet med dette verktøyet, kjem det opp eit dialogvindauge slik at du kan endra Breidd og Høgd kvar for seg. Samstundes vert det lagt ei førehandsvising (kanskje med eit rutenett eller eit omriss) på objektet og i kvart hjørne av rutenettet er det eit firkanta handtak som du kan dra i for å forandra storleiken. I midten, ein firkant med et kryss inni, som du kan bruka for å flytta førehandsvisinga.

4.6.2. Å slå på verktøyet

Du kan hente fram skaleringsverktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaSkaler,

  • ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa,

  • eller med tastatursnarvegen Shift + S.

4.6.3. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Hald nede Shift-tasten for å slå av og på Fast sideforhold.

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å slå av og på >Rundt midten.

4.6.4. Verktøyinnstillingar

Figur 14.135. Innstillingane for «Skalering»

Innstillingane for «Skalering»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Transformer, interpolering, retning, klipping, førehandsvising, hjelpelinjer
[Notat] Notat

Transformasjonen verkar berre på det gjeldande laget. Ønskjer du å skalera alle laga, brukar du skaler biletet i staden.

Sjå Transformera banar for å sjå korleis du kan skalera ein bane.

Uendra proporsjonar (Shift)

Dersom denne funksjonen er slått på, vil forholdet mellom breidda og høgda heile tida vera det same som i det opphavlege laget eller utvalet når du flyttar på eit hjørne. Funksjonen verkar ikkje på sidehandtaka. Legg merkje til at funksjonen også påverkar lenkinga mellom høgd og breidd i dialogvindauget.

Rundt midtpunktet (Ctrl)

Når dette valet er slått på, kan du skalera frå midten, radielt viss «Uendra proporsjonar» er slått på, elles vassrett og loddrett.

4.6.5. Dialogvindauget for innstillingane for skalering

Figur 14.136. Dialogvindauget for innstillingane for skalering

Dialogvindauget for innstillingane for skalering

Breidde/Høgde

Viser gjeldande breidd og høgd for skaleringa. Du kan skriva nye tal i rutene for å forandre skaleringa. Den vanlege måleeininga er pikslar, men dette kan du forandra i nedtrekkslista. Dersom lenkja til høgre for rutene er broten, kan du skriva inn breidd og høgd uavhengig av kvarandre.

Knappen «Justera på nytt»

Med denne knappen, tilgjengeleg sidan GIMP 2.10.10, kan du setja transformeringshandtaka tilbake til den opphavlege kvadratforma utan å endra den gjeldande transformeringa og forstørringa. Dette gjer at du kan oppretta meir komplekse transformasjonar ved å bruka fleire steg.